1800 var utan straum
Tre over høgspentleidning førte til omfattande straumutkopling i Os laurdag kveld.
Laurdag i 22.40-tida fekk brannvesenet melding om skogbrann på Balandsneset på Drange.
Flammane hadde sløkt av seg sjølv då brannvesenet kom fram.
Årsak var høgspent som hadde ramla ned etter at eit tre hadde velta i den kraftige vinden.
Fleire bustadar i Lysefjorden og på Søfteland var utan straum.
– Det blei i starten kopla ut nokre større område utanom dei som mista straumen, til saman var 1800 bustadar utan straum.
– Men dei fleste blei raskt kopla inn igjen, seier Jarle Hodne hos BKK Nett.
Rundt midnatt var det berre 150 hus og hytter på Drange, Balandsneset og Skåtøya igjen utan straum.
– Fire mann var på jobb i natt for å få høgspenten opp igjen. No har alle fått straumen tilbake, melder Hodne søndag morgon.