1700 var utan straum
Over 1400 har fått straumen tilbake, mens tre område i Os framleis er straumlause.
Natt til fredag og tidleg fredag morgon gjekk straumen i store delar av Os.
Barneskulane Søfteland og Hegglandsdalen held stengt i dag, Lysekloster hadde frå før elevfri dag. Også Lysekloster barnehage har stengt.
– Totalt var 1.700 i Os utan straum. Lysefjorden og Drange har no fått straumen tilbake, men det er tre område der vi framleis driv med feilsøk og reparasjon, fortel Anne Mette Tuvin frå BKK Nett.
Her er status i Os klokka 12.00 i dag:
• Midtbøvegen/Brothaugen: 44 utan straum. Feil funnen i trafokiosk, feilretting pågår.
• Gåssand/Søfteland: 85 utan straum. Feilsøk pågår.
• Hegglandsdalen/Lønningdal/Bogstrand: 150 utan straum. Feilsøk pågår.
– Tung snø på linjene kan ha skapt kortslutting. Snø på tre kan også ha ført til rotvelt, seier Tuvin om moglege årsaker.
– Feilsøkinga kan bli tidkrevjande, då vi må gå befaring langs linjene. Det er ein del snø i terrenget og fleire velta tre, så det er ein omfattande jobb.
OPPDATERT/KOMMENTAR: Ein Midtsiden-lesar fortel at det framleis er fleire i Hellebakkane (Lysefjorden) som framleis er utan straum.