Kultur | 19. apr. 2024

17. maiprogrammet for Os sentrum er klart

Tilbake på Kyrkjeflaten, og med nesten same rute for toget som i fjor.

17. maiprogrammet for Os sentrum er klart
Frå feiringa på Kyrkjeflaten i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. apr. 2024 12:53

17. maimarkeringa i Os sentrum er, for første gong på fem år, tilbake på Kyrkjeflaten.

Det blir stadfesta av kultursjef Erik Vangsnes i dag.

Ein tradisjon som har vore vekke endå fleire år, å kåra og premiera det stiligaste og det morosamaste innslaget, er òg på programmet.

I same omgang inviterer kommunen fleire å melda seg for å delta i prosesjonen.

– Sentrumsskulane og barnehagane er faste innslag i toget. 17. mai-komiteen ønskjer at fleire lag og foreiningar deltar og viser seg fram på nasjonaldagen. Komiteen ber om at interesserte melder seg innan fredag 3. mai, skriv Vangsnes i ei melding til redaksjonen.

Prosesjonen skal, grunna vegarbeid, gå omtrent same rute som i fjor.

Det betyr; frå fotballbanen på taket av Giskavollen parkering, mot Jordmorsvingen, ned Byvegen, rundt Irisgården og tilbake mot sentrum.

– Det blir ei lita justering mot slutten, slik at vi går Brugata og over Torget til Kyrkjeflaten.

Programmet for Osøyro

10.00 Festgudsteneste Os kyrkje

11.00 Markering i Minneparken. Tale ved leiar i ungdomsrådet Mathilde Nonås, song ved Os Mannskor og kransenedlegging

11.10 Oppstilling av prosesjon på fotballbane Os ungdomsskule

11.30 Avgang prosesjon - same rute som i 2023

12.30 Program på Kyrkjeflaten
Helsing frå ordførar Terje Søviknes
Song og tale for dagen frå elevar ved Borgafjellet barneskule
Russetale ved Magdalena Bezucha, Os vgs
Musikk ved Os musikkforening og Os skulekorps

13.00 Fellesprogram slutt

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.