17. mai: Program og oversikt
Sjå program for Os sentrum, ruta til toget og oversikt over stengde vegar.
I kommunesenteret Osøyro blir det, tradisjonen tru, fine tonar frå Os Musikkforening frå klokka 08, festgudsteneste, markering i Minneparken og prosesjon frå Giskavollen.
Så følgjer festprogram på Kyrkjeflaten, for første gong på fem år, og til slutt 17. mai-jazz på terrassen til Oseana.
I tillegg er det som vanleg rikt med små og store arrangement rundt om i kommunen vår.
For program i krinsar, bygder og på skular, kjem det eiga sak.
Program for Osøyro
- Klokka 08.00: Os Musikkforening spelar i Finnebrekka
- Klokka 10.00: Festgudsteneste i Os kyrkje
- Klokka 11.00: Markering i Minneparken
- Apell ved leiar i Bjørnafjorden ungdomsråd, Mathilde Nonås.
- Song ved Os mannskor.
- Kransenedlegging. - Klokka 11.30: 17. mai-toget går frå Giskavollen
- Klokka 12.30 til 13.00: Kyrkjeflaten
- Helsing frå ordførar Terje Søviknes (FrP)
- Song og ord for dagen frå elevar ved Borgafjellet barneskule
- Tale ved russepresident ved Os vidaregåande skule, Magdalena Bezucha - Klokka 17.00: Konsert på Oseana kunst- og kultursenter, Osøren Jazzensemble med Marita Moe Sandven.
Her går 17. mai-toget
Stengde vegar
I morgon blir fylkesveg 583 Byvegen og fylkesveg 552 Hatvikvegen stengde for gjennomkøyring i sentrum i tidsrommet frå klokka 11.20 til 12.40.
Sentrumsgatene er stengde i tidsrommet 10 til 13.
I tidsrommet klokka 11.20 til 12.40 stenger:
- Fv 583, Byvegen ved avkøyring Os barneskule
- Mobergsbakken ved Esso
- Fv 552, Hatvikvegen ved avkøyring til Haugsneset
I tidsrommet 10 til 13 stenger sentrumsgatene:
- Øyro
- Landboden
- Brugata
Kommunen oppmodar om å følga skilting og merking. Parkeringa framfor rådhuset er reservert i same tidsperiode (til russebilane), og det er derfor ikkje mogleg å parkera der.