Sport | 09. feb. 2013

1500 på kveldskjøring

... og i dag er stolheisen i drift for første gong denne sesongen.

1500 på kveldskjøring
Eikedalen har hatt godt besøk denne veka, også på kveldstid. Her frå kveldskjøringa fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 09. feb. 2013 09:09

Eikedalen og Voss fekk store snømengder frå søndag til tysdag og Eikedalen, som har det beste kveldskjøringtilbodet av anlegga rundt Bergen, hadde sesongens beste kveld tysdag.

– Vi hadde rundt 1500 i anlegget tysdag kveld. Det er omtrent det same som vi hadde førre laurdag.

– Nokon kjem rett frå jobb, andre kjem litt seinare. Dei som kom i 18.30-tida, og såg at parkeringsplassen nesten var full, blei nok litt overraska, trur dagleg leiar Fredrik Tønjum.

Eikedalen er open 7 dagar i veka. I tillegg er det kveldskjøring 4 dagar i veka, tysdag til fredag frå klokka 16 til 21.

Stolheisen klar for storinnrykk

Fredag var blant andre Os ungsomsskule i anlegget og hadde skidag. God timing, med strålande vêr og ein halv meter med tørr og ganske fersk snø i bakkane.

Dei siste dagane inn mot helga har det dessutan blitt jobba hardt med å få løypene rundt toppen klar.

– No kan vi også opna stolheisen, for første gong denne sesongen. Det kjem nok godt med, for med fine meldingar og mykje snø ventar vi bra med folk i bakkane denne helga, sa Fredrik til Midtsiden fredag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.