1500 ekstra bilar per dag
Stenger nordgåande felt: Frå mai skal denne trafikken gjennom Os sentrum. Kor tid treff den trafikken frå Hatvik?
På folkemøte om E39 Svegatjørn-Rådal i september blei det informert om den komande stenginga av nordgåande felt på E39. Vegen blir stengt frå Liafjellstunnelen til Svegatjørn, retning nord/Bergen.
– Stenginga blir som planlagt frå mai og fire månadar fram. Vi stenger kjørefeltet måndag 2. mai, fortel prosjektleiar Kari Bremnes frå Statens vegvesen.
Det betyr at vi får fire månadar med all trafikk frå sambandet Sandvikvåg-Halhjem og Våge-Halhjem mot Bergen gjennom Os sentrum, saman med lokal trafikk.
Skal grava grøft og utvida vegen
Årsaka til stenginga er at det skal gravast ei seks meter djup grøft frå Svegatjørn til Ulvenvatnet. Dette let seg ikkje gjera med begge felta opne for trafikk.
– Det er ei grøft for vatn, spelvatn og overvatn.
– Etter at dette arbeidet er ferdig skal vi utvida vegen frå to til fire felt eit stykke ned for gradvis overgang til to felt nær brua over Ulvenvatnet. Dette arbeidet blir på begge sider, på utsida av dagens felt, og blir gjennomført mens begge felt er opne.
48.000 bilar per månad
Bremnes fortel at trafikkteljing som er minst eitt år gamal vider at det i snitt er 7000 trafikantar per dag på E39 Halhjemsvegen, totalt for begge køyreretningar.
– Det er ganske høg trafikk. Også over Ulvensletta er det mange trafikantar, 4000 per døgn ifølgje førre teljing.
Lars Inge Myklebust hos Fjord1 fortel at dei i 2015 frakta 966.582 køyretøy på sambandet Halhjam-Sandvikvåg i 2015, totalt begge vegar. Det er omtrent lik trafikk kvar veg.
Myklebust har sendt oss månadsvise tal som viser at trafikken er klart høgast i nettopp mai, juni, juli og august, med 45.000 til 48.000 per månad frå Sandvikvåg til Halhjem. Til samanlikning er det 31.000 i januar og 32.000 i februar.
– Det er fleire årsaker til at vi vel sommaren når vi skal stenga. At skulane er stengte to av desse dagane er éin av dei, at vi unngår å stenga når det er vinterdrift med salting og brøyting er ein annan årsak, forklarer Bremnes.
Når Fusa, Tysnes og Stord møtast i Os sentrum
Med ferjetrafikk frå både Fusa, Tysnes og Stord innom Os sentrum kan det bli periodar med svært stor pågang rundt skulpturen Undino i rundkøyringa i sentrumskjerna.
– Er det gjort noko for å unngå samtidige treff, at vegvesenet har justert på ferjeselskapa sine ruter?
– Nei, det har vi ikkje gjort.
Om vi følgjer Google Maps si estimerte køyretid går det 7 minutt frå Hatvik og 8 minutt frå Halhjem til down town Os.
Med dagens rutetabell for dei tre ferjestrekka betyr det at vi får ankomst frå Fusa og Stord nesten samtidig rundt klokka 7.30, 10.00, 15.05, 16.30 og 17.05.
Trafikken frå Våge kjem ikkje til Os samtidig med dei andre, bortsett frå ferja som har ankomst 07.25.
– Blir det laga nokre nye reglar i kryss mellom Moberg og Svegatjørn for å betra trafikkforholda i denne perioden?
– Det er mogleg. Os kommune har i oppgåve å sjå på nokre kryss i Os sentrum, seier Kari Bremnes.