150 i open hall
Bildeserie: Osbadet sin opne hall søndag formiddag blei umiddelbart ein suksess.
Søndag formiddag opna Osbadet Oshallen for alle barn og vaksne som hadde lyst å komma. Innkjøpt var masse nytt utstyr, blant anna ein oppblåsbar hoppemadrass på 8 x 8 meter.
– Det er vel uten tvil den mest populære aktiviteten, fortel prosjektleiar Jon Sivert Rykkel.
Rund han spring og sykler ungar i alle aldre, frå to til tolv.
Sto kø utanfor
Då dørane opna klokka 10 sto det allereie eit tjue-tals ivrige ungar og familiar som ville inn.
– Det er jo litt vanskeleg å få eit nøyaktig tal på kor mange som er her, men eg vil tru det er rundt 150.
– Kva var ambisjonane då?
– Eg hadde vel håpa på rundt 50, så det har blitt bra dette. Vi er jo her berre for å legga til rette og halde eit overoppsyn, så er det opp til ungane og foreldra å kosa seg og bruka utstyret vi har henta fram, avslutter Rykkel.
Open hall er eit gratis tilbod frå Osbadet/Oshallen kvar søndag mellom klokka 10 og 12.