Sport | 19. apr. 2009

14 NM-gull til Os

Med 22 medaljar på 11 utøvarar blei Os beste handbak-klubb også i årets NM. Andreas Fagerthun (bildet) reiste heim frå Aremark med tre gull og eitt sølv.

14 NM-gull til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 19. apr. 2009 23:17

Bildeserie:

1 av 5

Are Strønen vann to gull i sitt comeback, men var ikkje den einaste osingen som gjorde reint bord i handbak-NM i helga.

- Det er veldig kjekt å ha Are, som ikkje har konkurrert sidan 2005, med igjen i konkurransar. Han har slite med skadar og armar som ikkje har tålt tung trening, men i går viste han kva han er god for, seier treningskamerat Tore Matre.

Tore tok sitt fjerde NM-gull med siger i venstre i 95-kilosklassen, Are vann gull med både venstre og høgre i -105 kg.

Fagerthun nær 4 gull
Os stilte med 11 deltakarar. Debutanten Tommy Storum Hjelle var nær på siger i fleire kampar, men måtte nøya seg med erfaringane han gjorde. Hos Daniel Borge og Asle Kvamsdal, som kjem frå Nordhordland, men konkurrerer for Os, var det Kvamsdal som tok medaljar. Sølv i junior og senior -85 kg.

Dan Jarle Raustein, som eigentleg er -60 kg, ein klasse dei ikkje har på nasjonalt nivå, fekk bronse og sølv i -65 kg.

Dei sju andre deltakarane tok minst eitt gull kvar:
Martin Bolseth (gull jr -85 høgre)
Ronny Bruarøy Risøen (2 gull jr +85 kg + 2 sølv -95 kg sr)
Tore Matre (gull sr -95 kg venstre)
Arne Thuen (gull sr -95 kg høgre + master)
Are Strønen (2 gull -105 kg)
Øyvind Birkeland (gull +105 kg)

I tillegg vann Andreas Fagerthun, som deltok i både jr og sr -75 kg, heile tre gull. Ei dårleg start i finalen i juniorklassen for høgre hand gjorde at han tok sølv i denne.

Frode slo alle
Frode Veim Haugland vann lett i sr -85 kg med både venstre og høgre arm. I tillegg slo han alle i ein open tilleggsklasse for alle som vann sine klassar med høgre arm.

Her var det "vinnaren står", der brytarane som hadde vunne sine vektklassar i høgre kunne prøva seg på Øyvind Birkeland, som vann den tyngste klassen.

Are Strønen slo Øyvind, men blei sjølv slått av Frode. Og Frode var uslåeleg. (Det høyrer med til historia at Arne Thuen var småsjuk og ikkje stilte i denne tilleggskonkurransen.)

Siger i 11 av 13 seniorklassar
Osingane fordelte seg på flest mogleg klassar i meisterskapen, der dei nok ein gong blei beste klubb, framfor vertsklubben Aremark (ved Halden).

Med høgre hand blei det sølv i -65 kg og gull i dei seks andre klassane (-75, -85, -95, -105, +105 kg og master).

I seniorklassane for venstre arm blei det bronse i -65 kg, sølv i +105 kg og gull i resten ((-75, -85, -95, og -105 kg).

I junior blei det gull i både -75 og + 85 kg med venstre, og i -75, -85 og + 85 kg i høgre.

RESULTATLISTE, Os
(Handbak NM 2009, Aremark 18. april)

Gutar jr. venstre -75 kg
1. Andreas Fagerthun (Os HK)

Gutar jr. venstre +85 kg
1. Ronny Bruarøy Risøen (Os HK)
2. Asle Kvamsdal (Os HK)

Gutar jr. høgre -75 kg
2. Andreas Fagerthun (Os HK)
5. Daniel Borge (Os HK)

Gutar jr. høgre -85 kg
1. Martin Bolseth (Os HK)

Gutar jr. høgre +85 kg
1. Ronny Bruarøy Risøen (Os HK)
3. Asle Kvamsdal (Os HK)

Herrar venstre -65 kg
3. Dan Jarle Raustein (Os HK)

Herrar venstre -75 kg
1. Andreas Fagertun (Os HK)

Herrar venstre -85 kg
1. Frode Veim Haugland (Os HK)

Herrar venstre -95 kg
1. Tore Matre (Os HK)
2. Ronny Bruarøy Risøen (Os HK)
4. Asle Kvamsdal (Os HK)

Herrar venstre -105 kg
1. Are Strønen (Os HK)

Herrar venstre +105 kg
2. Øyvind Birkeland (Os HK)

Herrar høgre -65 kg
2. Dan Jarle Raustein (Os HK)

Herrar høgre -75 kg
1. Andreas Fagerthun (Os HK)

Herrar høgre -85 kg
1. Frode Veim Haugland (Os HK)
3. Martin Bolseth (Os HK)

Herrar høgre -95 kg
1. Arne Thuen (Os HK)
2. Ronny Risøen (Os HK)
3. Asle Kvamsdal (Os HK)
6. Tore Matre (Os HK)

Herrar høgre -105 kg
1. Are Strønen (Os HK)

Herrar høgre +105 kg
1. Øyvind Birkeland (Os HK)

Herrar høgre Master
1. Arne Thuen (Os HK)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.