12 nye smittetilfelle på ungdomsskulen
Alle på 8. trinn blir oppfordra å testa seg.
Fredag ettermiddag er det meldt om 12 nye smittetilfelle blant elevane på 8. trinn ved Os ungdomsskule.
Desse er i tillegg til dei tre elevane og den eine læraren som i går og fredag formiddag fekk påvist covid-19.
– Dette gjer at alle elevar på trinnet no er rekna som nærkontaktar. Alle elevar som ikkje allereie er i karantene, må gå i karantene og bestilla test snarast, oppmodar kommunen.
Husstandsmedlemmer må vera i ventekarantene til eleven har fått negativt prøvesvar.
Oppdatert: Fredag kveld er det bestemt at 9. og 10. trinn ikkje er på raudt nivå, men får utelukkande heimeskule måndag til onsdag i neste veke (torsdag og fredag er fridagar).