Lokal | 23. nov. 2011

100.000 kroner på 5 dagar

Éin boks - 46 syndarar: Her er første fangstrapport frå den eine av dei to nye fotoboksane på Halhjemsvegen.

100.000 kroner på 5 dagar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. nov. 2011 12:50

På formiddagen torsdag 10. november blei ATK-boksane på E39 Halhjemsvegen sett i drift. Det gjekk ikkje lang tid før dei første fartssyndarane blei registrerte, til saman blei det tatt 12 bilførarar den første dagen og like mange dagen etter.

– Vi har førebels ikkje registrert dei store fartssyndarane på Halhjemsvegen, men det er ganske mange som har lagt over fartsgrensa, seier trafikkordinator Inge Nordstrønen ved Bergen sentrum politistasjon.

Om ikkje syndarane har vore så store blir det likevel pengar av det, på fem dagar er det skrive ut forelegg på til saman over 95.000 kroner.

Er det tilsvarande tal frå den andre fotoboksen har Halhjemsvegen henta inn nesten 200.000 kroner på 5 dagar.

Her er tal frå dei første fem dagane, og dette er berre for éin av dei to boksane, den som måler trafikken i 70-sona retning Halhjem:

Tala gjeld perioden frå og med 10.11.2011 til og med 14.11.2011:

• 46 kjørte for fort
• Høgaste fart: 98 km/t (28 km/t over grensa)
• Lågaste fart: 77 km/t
• Høgaste forelegg: 6500 kroner
• Sum, forelegg: 95.400 kroner
• Snittfart blant dei 46: 80,4 km/t

Dei fleste fekk forelegg på 1600 kroner, men fleire har fått på 2600 kroner og 3600 kroner.

To førarar har fått forelegg på 6500 kroner.

Ingen av desse 46 har mista førarkortet, til det må du opp i 106 km/t i 70-sona.

Men fleire har fått 1 eller 2 prikkar på førarkortet.

Kjører du 16 til 20 km/t for fort i 70-sona får du 1 prikk på førarkortet, 21 til 25 km/t for fort fører til 2 prikkar.

3 av 46 fekk 2 prikkar, 2 av dei 46 første syndarane i retning Halhjem fekk 1 prikk på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.