100 nye skilt i sentrum
I dag starta arbeidet med å skilta Os sentrum på nytt.
Knut Geelmuden frå eigedomsavdelinga i Os kommune løftar kjegla til sida og eit gult merke på asfalten kjem fram.
Innleigd entreprenør Magnar Bjørnevik set seg i maskina og nokre sekund seinare er holet til nytt skilt klart.
– Heile veka kjem nok til å gå med til å montera fundament til skiltstolpane, seier Bjørnvik.
– Det skal lagast hol til 70 til 100 stolpar.
Tre veker med montering
Etter ei veke med hakking i asfalten i sentrum er stolpane på plass. Så følgjer éi til to veker med montering av sjølve skilta.
– Dette fotgjengarfeltet har aldri vore skilta, seier parkeringsvert Elisabeth Thomassen.
Ho har vore med og laga den nye skiltplanen.
– Det kjem generelle P-skilt, P-forbode og stopp forbode. I tillegg kjem nye skilt til fotgjengarfelt, som her frå Leganger-hjørnet til S. Tvedt.
Info og sms
Nytt når ny skilting er på plass er blant anna 30-minuttsparkring på enkelte område.
– Her kjem også skilting med info om P-registrering per sms, i staden for bruk av P-skive.
– Kva med generell info om kva ein kan kjøpa P-skive og korleis reglane fungerer?
– Det har vore diskutert, men det kjem ingen reine info-skilt.
Gratis, men tidavgrensa
Det er framleis gratis å parkera i Os sentrum, men når skiltinga er på plass skal reglane om tidavgrensa parkering handhevast.
Når du set frå deg bilen må du anten skriva klokkeslettet du parkerer på på ein lapp og legga lett synleg, eller kjøpa deg ei P-skive, som i praksis er som ei leikeklokke du skrur til rett klokkeslett, og legga denne frå deg i bilen.
– Men i starten blir det berre åtvaringar, lover Thomassen.