10 medaljar til Os
Den ferske europameisteren Åsmund Slettevold gjorde reint bord i vestlandscup, i tillegg blei det fleire gull, sølv og bronsar til Os.
I årets tredje vestlandscup stilte Os med heile 16 utøvarar.
Åsmund Slettevold, som i haust vann gull i VM for stilarten Wado hadde ingen problem med å ta heim gull i både kamp (gutar 14-15 år) og kata.
Men han var ikkje den einaste som gjorde det skarpt i laurdagens stemne i Laksevåghallen. Os Karateklubb tok til saman 3 bronse, 3 sølv og 4 gull!
Henrik Reed-Larsen vann gull i kamp i klassen gutar 16-17 år. Det gjorde også Roy Åge Alvheim (herrar +75 kg), som kjempa mot klubbkamerat Stian Nilsen i finalen.
Veteran Trond Blomberg fekk bronse i kata medan Tonje Skeie Hjelle fekk sølv i kamp (jenter 16-17 år). Vegard Gjøsund kom også til finalen i kamp, og fekk sølv i klassen gutar 12-13 år.
Gode ung-jenter
Regine Sandtorv deltok i både kamp og kata, og tok ein fin bronsemedalje i kamp (jenter 12-13 år). Sandra Lunde deltok i kata i same klasse og fekk bronse.
Blant dei unge jentene lovar det også bra i yngre klassar. Tiril S. Haaland deltar i klassen 9-11 år, ein klasse der alle får premie. Ho vann alle sine tre kampar og kan truleg sjå fram til å vera blant få som får medalje når ho er gamal nok til å kjempa i klassar med vanleg premiering.
Her er alle deltakarane frå Os karateklubb: Henriette Grindeland, Tiril S. Haaland, Kristian Blomberg, Mathias Sørensen, Martin K. Mjånes, Katrine Grindeland, Sandra Lunde, Regine Sandtorv, Vegard Gjøsund, Benjamin Fimreite, Åsmund Slettevold, Tonje Skeie Hjelle, Henrik Reed-Larsen, Trond Blomberg, Stian Nilsen og Roy Åge Alvheim.