Sport | 06. mai 2019

WRWR: Rekordstafett køyrer gjennom Os i ettermiddag

Eirik Søfteland skal underhalda damene når den verdsomspennande mc-stafetten tar pause på Røykenes.

WRWR: Rekordstafett køyrer gjennom Os i ettermiddag
Janet Lepsøy og Eli Johanne Stene er blant 17.000 kvinner i WRWR-nettverket. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. mai 2019 11:46

Bildeserie:

Damene skal køyra 1800 km på 4 dagar. (womenridersworldrelay.com)
Damene skal køyra 1800 km på 4 dagar. (womenridersworldrelay.com)
Eli og Janet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eli og Janet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Damene skal køyra 1800 km på 4 dagar. (womenridersworldrelay.com)
Eli og Janet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Stafetten starta i Skottland i februar, og har vore innom blant anna Spania, Italia, Kroatia, Tyskland og Belgia før den kom til Noreg. Laurdag reiste ein av dei to WRWR-ambassadørane Eli Johanne Stene frå fysioterapikontoret sitt i Os til Kristiansand for å køyra stafettpinnen opp kysten mot Os.

– WRWR-nettverket består av rundt 17.000 kvinnelege mc-førarar frå heile verda, rundt 1000 av desse er frå Noreg, fortel Eli.

Stafetten skal innom nesten 90 land på alle kontinent, og varer til januar 2020. Og ja, det er ein fysisk stafettpinne Eli har med seg på motorsykkelen då den norske stafetten i ettermiddag køyrer gjennom Os.

– Vi køyrer av ferja på Halhjem klokka 17.10, om det er nokon som vil sjå kortesjen med motorsyklar. På Røykenes har vi avtalt pause på Er-An Veikro, her blir det trialshow og song med Eirik Søfteland som underhaldning.

Bygger nettverk for kvinnelege mc-førarar

Eli tok mc-lappen i 1991, i det ho skildrar som ei grusom oppkøyring i Oslo. Etter ein lang pause som småbarnsmor tok ho opp igjen tråden for 5-6 år sidan. Ved eit slumpetreff oppdaga ho WRWR og verdsrekordforsøket dei planla.

– Eg engasjerte meg og blei ein av to ambassadørar i Noreg. Emilija Kostovska er hovudambassadør, og administrerer stafetten på Austlandet, mens eg køyrer i vest.

Norske jenter og kvinner skal køyra stafettpinnen frå Svinesund via Oslo til Kristiansand, og vidare til Stavanger, Bergen, Ålesund, Lillehammer, Trysil og tilbake til Sverige - 1800 km på 4 dagar.

MC-førarane delta på dei distansane dei ønskjer. Blant deltakarane er òg Janet Lepsøy frå Os.

– Vant med å vera einaste kvinne

Women Riders World Relay (WRWR) er ein ideell organisasjon med verdiene «eventyrlysten, modig, inspirerende og samlet». Initiativtakaren er Hayley Bell frå England. Bell ønskjer å retta merksemda mot MC-industrien og å oppnå betre tilpassing av køyreutstyr og syklar for damer, med tanke på både tryggleik, komfort og femininitet.

Janet tok mc-lappen då ho var 18 år. Ho tjuvlånte mannen sin motorsykkel og blei biten av basillen.

– Det er mange damer som køyrer motorsykkel, men fleirtalet er menn, så eg er vant med å vera einaste dame, som ein av gutta. Mennene og heile miljøet er veldig inkluderande, det er ikkje nokon gubbe-hobby, men eg synest det er veldig fint å bygga nettverk kvinner i mellom, seier Janet.

Ho har vore på turar i både nærområdet, i Lofoten og nedover i Europa. Særleg innan det å reisa på tur, meiner Eli at kvinner har noko å læra.

– Mennene er flinke til å organisera og reisa på motorsykkeltur, og av og til er det ei og anna kvinne med òg. Vi kan bli flinkare til å kasta oss over det, organisera og setja oss på sykkelen for å dra på langtur, meiner ho.

Fredag organsierte ho foredrag av Lise Hofland på Eikås. Hofland har vore på fleire eventyrlege turar i inn- og utland.

I ettermiddag kjem ein kortesje med kvinner på to hjul gjennom Os.

Under ser du heile ruta til stafetten.

Feb 2019: Scotland
March 2019: Ireland, Wales, England, France, Spain, Portugal, Andorra, Italy, Slovenia, Croatia, Bosnia-Herzegovina, Montenegro
April 2019: Albania, Macedonia (FYROM), Serbia, Hungary, Slovakia, Poland, Czech Republic, Austria, Liechtenstein, Switzerland, Germany, Luxembourg, Belgium, Netherlands
May 2019: Denmark, Sweden, Norway, Finland, Russia, Estonia, Latvia, Lithuania, Belarus, Ukraine, Romania
June 2019: Bulgaria, Greece, Turkey, Iran, Pakistan
July 2019: India, Nepal, Bangladesh, Myanmar, Laos
August 2019: Vietnam, Cambodia, Thailand, Malaysia, Singapore, Indonesia, Australia
September 2019: New Zealand, Canada
October 2019: USA, Mexico, Belize, Guatemala, El Salvador, Honduras, Nicaragua, Costa Rica
November 2019: Panama, Colombia, Ecuador, Peru, Bolivia, Chile, Argentina, Uruguay
December 2019: Paraguay, Brazil, South Africa, Namibia, Botswana
January 2020: Zimbabwe, Mozambique, Tanzania, Kenya, Oman, UAE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.