Sport | 25. apr. 2018

Vil utvikla gode jenter ute i moderklubbane

Os/Nore Neset er blant ni klubbar som inngår omfattande samarbeid med Toppserie-klubben Sandviken.

Vil utvikla gode jenter ute i moderklubbane
Måndag inngjekk Pål Hansen (t.v.) og Sandviken avtale med ni klubbar i Hordaland. (Foto: Benedicte A. Bakken, BT)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. apr. 2018 08:54

Måndag blei det store samarbeidsprosjektet Toppfotballsamarbeid Vest inngått mellom IL Sandviken og desse klubbane i Hordaland: Os/Nore Neset, Åsane, Fana, Gneist, Fyllingsdalen, NBK, Sotra, Stord og Voss. I tillegg er Sogn og Fjordane fotballkrets med.

– Heile ideen bak dette prosjektet er at om vi gjer klubbane rundt oss sterkare og betre, blir vi også sterkare og betre, seier styreleiar i Sandviken, Pål Hansen, til BT.no.

Toppserie-klubben kom med initiativet tidleg i vinter. I mars hadde klubbane møte, måndag 23. april blei avtalen inngått. Avtalen inkluderer både ein tettare dialog klubbane imellom, trenarressursar frå Sandviken ute på feltet i klubbane og eigne workshop for trenarane.

Det kan til enkelte cupar bli tatt ut lag med spelarar frå alle klubbane, men fleire av talenta skal bli verande lengre heime i sin eigen klubb.

Felles kompetanseløft

Endre Brenne, dagleg leiar i Os Fotball, gler seg til samarbeidet no skal tre i kraft. Os er samarbeidsklubb med Nore Neset på jentesida.

– Dei siste åra har vi merka ei aukande konkurranse mellom klubbane med dei beste laga, og korleis dette har ført til at dei har retta seg mot stadig yngre talent for å sikra seg ein avtale.

Å gå til ein Toppserie-klubb treng ikkje bety at du får kamptrening på øvste nivå.

– Spelarar som har vist talent og vilje til å satsa har godt av ekstra utfordringar, men dei fleste har gode sjansar til å utvikla seg vidare i sin eigen klubb, ikkje minst om dette no blir supplert med trenarressursar utanfrå, og med eit samarbeid som gir eit kompetanseløft.

– Det handlar ikkje berre om dei beste

Snittalderen i Toppserien er berre 22 år. Hansen fortel at toppklubbane blir oppfordra av NFF om å ikkje henta spelarar i for ung alder.

– Vi håper dette samarbeidet, med å lata fleire bli verande ute i klubbane sine, kan vera med på å bremsa fråfallet i jentefotballen.

Sjølv om det er mange jenter som speler fotball, opplever fleire klubbar at laga er sårbare. Om dei i ungdomsalder mister ein eller to gode spelarar kan resten av laget gå i oppløysing.

– Dette handlar ikkje berre om dei største talenta, det handlar om å rusta opp heile jentefotballen, seier Brenne.

– Med eit kompetanseløft blant trenarane, gjesteinstruktørar frå Toppserien og nye, kjekke øvingar, håper vi at fleire jenter held fram med fotball gjennom ungdomstida og over på seniorlag. Då kan det òg dyrkast fram fleire gode spelarar enn akkurat dei som skilte seg ut då dei var 14 år.

Veksande miljø og nivå i Os

Os/Nore Neset har i år auka til to senior damelag (som har vunne sine første tre kampar) og har nokre gode lag på J17 og J15.

Madelen Koldal Holme (2002) speler på Sandviken og Norge J17, Vilde Drange Veglo (2002) og Malin Solstrand Ludvigsen (2003) i Os/Nore Neset snuser òg på landslagsnivå. I mars var òg Karoline Hevrøy på Statoils talentleir.

• Midtsiden samleside: Damefotball i Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.