Kultur | 14. feb. 2011

Vil ha film og humor

Osingane vil at Oseana skal fyllast med film og humor viser ei nyleg gjennomført marknadsundersøking.

Vil ha film og humor
Andris Hamremandag 14. feb. 2011 16:22

Oseana gjekk i månadsskiftet ut via midtsiden.no med spørsmål om kva osingane trur kjem til å koma i kulturhuset, og kva dei har lyst til å koma på sjølv.

- Undersøkinga har gjeve oss mange gode tilbakemeldingar og interessante innspel, seier arrangementssjef Berit Steen.

- Spesielt artig er det å lesa tankane dei har delt med oss i kommentarfeltet, seier Steen.

Kino på topp
Undersøkinga viser at det er ei forventning om at film og kino skal bli eit fast innslag i huset.

På spørsmålet om kor sannsynleg ein trur det er at film (kino) kjem og om ein har lyst til å gå på det skårar osingane 5,48 og 5,27 på ein skala til 6.

- Bygdekinoen kjem på synfaring i løpet av kort tid for å sjå på huset og korleis utstyret deira passar inn i storsalen, forklarar arrangementssjefen.

Folk vil ha humor
Høgt oppe på lista kjem òg dei tre kategoriane musikal, revy og stand-up. Skal Oseana satsa på den lokale marknaden er det nok her dei bør setja inn støtet.

- Eg kan lova at det i løpet av hausten kjem minst eitt tilbod i denne kategorien.

- Når det gjeld ein annan populær kategori – pop/rock, så har vi veldig lyst til å få til noko, men om vi klarar det til hausten er litt for tidleg å seia, forklarar Steen.

Lunkne til klassisk
Mange av dei som har svart på undersøkinga trur det kjem klassiske konsertar, dans og teater, men interessa for å stilla på desse er lågare.

- Eg er ikkje overraska over det, men erfaringane frå andre som har opna nye kulturhus viser at mange blir positivt overraska når dei kjem på eit klassisk arrangement, avsluttar arrangementssjefen.

Resultata frå undersøkinga:
Sortert etter kva deltakarane seier dei vil gå på.

Kategori Trur det kjem Vil gå på sjølv Film (kino) 5,48 5,27 Revy 5,47 5,07 Rock/pop 5,03 4,87 Musikal 5,21 4,84 Stand-up 4,92 4,81 Jazz/Blues 5,12 4,19 Barneteater 5,33 4,07 Kunstutstillingar 5,33 4,07 Klassisk teater 4,44 3,79 Dansetilstelning/dansegalla 4,46 3,49 Moderne dans 4,68 3,47 Country/Western 4,21 3,22 Klassisk konsert 4,73 3,11 Opera 3,93 2,90 Klassisk dans 4,24 2,81 Heavy Metal 3,55 2,26


Undersøkinga blei gjennomført som eit webbasert spørjeskjema på midtsiden.no. Grunnlaget er ikkje så stort, då det var 98 som svarte. Men grunnlaget har ei alderssamensetjing som speilar befolkinga i Os godt.

Deltakarane har blitt bedt om å seia kor sannsynleg dei trur det er arrangementskategorien kjem til Oseana, og i kor stor grad det er sannsynleg at dei sjølv kjem til å delta på eit arrangment i kategorien. Svara har dei gitt på ein skala frå 1 til 6, kor 1 er lite sannsynleg og 6 er svært sannsynleg.

Blant dei som deltok i undersøkinga har det blitt trukke ut ein vinnar av to billettar til opningsarrangementet 17. juni. Midtsiden kjem tilbake med vinnaren i løpet av veka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.