Delar av Øvsttun gravplass blir onsdag stengt for innsyn grunna gravearbeid og manuelt søk. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Vil grava på kyrkjegard i søk etter Trine Frantzen

Onsdag startar neste trinn på Øvsttun gravplass.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I mars blei det, på oppdrag frå politiet, starta skanning av delar av Øvsttun gravplass i samban med søk etter Trine Frantzen, som forsvann i mai 2004.

Interessante data frå første skanning førte til at politiet ti dagar seinare sa at dei ville skanna plassen med meir avansert utstyr.

I dag fortel dei at det skal gravast på kyrkjegarden, og at dette arbeidet startar klokka 9 onsdag 15. mai.

– Arbeidet blir avslutta seinast 16. mai, opplyser politiet i ei pressemelding.

Politiet har fått på plass løyve frå festarar til graver og frå gravplassmyndigheitene, og seier at dei legg vekt på god dialog med pårørande gjennom prosessen.

Skal ikkje opna eller flytta gravene

Arbeidet politiet skal i gang med no baserer seg på tidlegare skanningar.

Det er beslutta gjennomføring av manuelle søk, altså graving, men arbeidet vil berre føregå i det øvste jordlaget.

– Vi skal ikkje opna eller flytta kister eller urner.

Området blir sperra for innsyn mens arbeidet pågår.

Fleire saker