– Vi kan ikkje lova noko
Det går i rykk og napp på Hatvikvegen.
Denne saka har blitt ein føljetong for dei som ferdast langs FV 552.
I april sa Statens vegvesen at dette blir fiksa «fortløpande» - i løpet av året.
No er året snart slutt, og det er fleire som har undra seg over kvifor arbeidet ikkje blir ferdig.
11. oktober var Mesta på plass og monterte nye stolpar til lys i dei to gangelta mellom Osbrua og rundkøyringa.
Same kvelden vart det asfaltert eit heva gangfelt mellom Esso og Torggata.
Etter det har det vore lite aktivitet, og det er ikkje lett å sjå kva som er kva lenger på mørke morgonar og kveldar.
Midtsiden har blitt kontakta av fleire osingar som undrar seg over at dette arbeidet let venta på seg, spesielt no i den mørkaste tida av året.
Vi skal - men veit ikkje kor tid
Midtsiden har vore i kontakt med Bente Isdal hos Statens vegvesen fleire gonger dei siste vekene.
Seinast i går spurde vi på nytt om framdrifta i arbeidet;
– Kva har du å seia til dei som meiner at dette har teke alt for lang tid, og at det er trafikkfarleg slik det står fram i dag; umerka gangfelt utan lys?
– Merkinga av gangfelta er meldt inn og vil koma på plass så snart dette er praktisk mogleg. Merkinga vil jo også vera vêravhengig, sa Isdal då.
– Seinast i dag har eg fått veta at vi må gjera nokre justeringar på det opphøgde gangfeltet. Så snart dette er gjort kan vi gå i gang med merkinga.
Isdal har samstundes ei klar oppmoding til dei som ferdast her, og då spesielt til bilistane;
– Gangfelta er merka med skilting, så sjølv om dei ikkje er fysisk merka i vegbana, gjeld trafikkreglane.
Men så!!!
I kveld er det plutseleg aktivitet att.
Til Midtsiden fortel arbeidarane på staden at dei skal fresa det heva gangfeltet, og dei skal fiksa ein del andre ting som ei nyleg synfaring har avdekka.
Men dei kjem ikkje til å merka gangfelta i natt kan dei òg fortelja.
Så om dette berre er eit kjapt rykk eller kanskje byrjinga på slutten, er framleis eit ope spørsmål.
Dei som skal passera må ta seg ein strafferunde innom sentrum i timane som kjem. Skal du mot Hatvik og den vegen, får du amnesti på å svinga til venstre ut av Brugata mens arbeidet held på.