Lokal | 18. aug. 2016

Velkommen til skulen

I dag starta 318 elevar i 1. klasse på barneskulane i Os. 51 av dei på Os barneskule i sentrum.

Velkommen til skulen
Rektor Renate Onstad helsa kvar og ein av elevane velkommen til Os barneskule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 18. aug. 2016 07:56

Bildeserie:

Spente fjes før skulen byrja torsdag morgon (foto: AH)
Spente fjes før skulen byrja torsdag morgon (foto: AH)
Rektor Renate Onstad ønskja velkommen (foto: AH)
Rektor Renate Onstad ønskja velkommen (foto: AH)
Før 2. trinnet viste litt av kva dei lærte i fjor (foto: AH)
Før 2. trinnet viste litt av kva dei lærte i fjor (foto: AH)
Så var det på tide å bli ropt om, ein og ein (foto: AH)
Så var det på tide å bli ropt om, ein og ein (foto: AH)
1 av 4

Det var ei sitrande spenning i gymsalen ved Os barneskule kvarteret før skulen skulle starta torsdag morgon.

På dei fremste benkane satt elevane spente, litt lengre bak, foreldra, minst like spente. Det var ikkje like lett å sleppe mamma eller pappa si trygge hand når ein kom inn i gymsalen.

Sommerfuglar

– Er det nokon av dokke som har sommarfuglar i magen, undra Renate Onstad, fungerande rektor.

Eit par av dei minste rakk opp handa og innrømma at jo, sommerfuglane var der. Det same gjorde nokre av foreldra då dei fekk det same spørmålet.

– Eg har ei stor flokk av sommerfuglar i magen min. Difor har eg òg pynta blomane her oppe med sommerfuglar, fortalde ho før fjorårets førsteklassingar, dei som no går i 2. trinn, sporty stilte opp første skuledag etter ferien og song tre av songane dei lærte seg i fjor.

Her gjekk det på både norsk og engelsk.

Forventningsfulle fjes

Så var tida kome. Kvar og ein skulle bli ropt opp til si gruppe. I år har Os barneskule tre grupper på første trinnet, med sju lærarar og fagarbeidarar til å passe på.

Etterkvart som rektor ropte opp namna kom elevane fram for å hilsa på både rektor og kontaktlæraren sin. Det viste seg at det var ikkje berre enkelt å skulle ta på seg sekken og samstundes hilse pent på dei vaksne.

– Velkommen til Os barneskule. No skal de få gå til klasseromma, avslutta Onstad før elevane fauk ut døra og opp i kviteskulen.

Det er noko eiga med første skuledag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.