Vladan Radojkic skåra sigersmålet for Lysekloster (foto: Andris Hamre)

Lysekloster slo Fana

Lysekloster med sterk 1-0-siger i slitekamp mot Fana.

Av: Andris Hamre

Laurdag tok Lysekloster vegen over Fanafjellet for å møte naboklubben Fana på Nesttun Kunstgress.

– Eg er veldig nøgd med resultatet. Slik kampen blir er eg også nøgd med måten gutane løyser kampbilete på, seier trenar Ruben Hatlevik etter sigeren.

Fana - Lysekloster 0-1 (0-1)
Målskårar: Vladan Radojkic
Lysekloster sitt lag: Kjetil Hansen, André Matos (Marcus Thormodsen, 63 min), Mats Walberg, Thorvald Tætteberg, Denis Ljubovic, Eirik Rode, Mohammad Rahmani, Rune Mo, Kristoffer Østervold (Szymon Walczak, 56 min), Vladan Radojkic, Stian Dyngeland (Martin Pedersen, 78 min).

Sjå tabellen

Tok styringa

Lysekloster tok styringa frå start og førte kampen.

– Dei første 35 minutta dominerte vi. Målet kom etter 12 minutt etter eit fantastisk innlegg frå høgre kanten. Vladan tek eit langt løp og headar ned i det høgre hjørnet for oss frå 12-13 meter.

– Dei siste ti minutta inn mot pause presser Fana på for ei utligning, men vi klarer å forsvare oss god, seier Hetlevik.

Slitne bein

Hetlevik har ikkje lyst til å skulda på ein tøff cupkamp mot Haugesund, men innrømmer at Lysekloster blei slitne utover i kampen.

– Andre omgangen blir ein slitekamp med kriging, tøffe dueller og mykje vilje. Etter pause er Fana gode og presser oss, men vi forsvarer oss godt, meir enn eg hadde håpt vi skulle måtte gjera.

– Etterkvart er det mange slitne Lysekloster-bein utpå der.

– Var det kampen mot Haugesund som satt i beina?

– Eg liker ikkje å skulde på det, men det er klart at ein eliteseriekamp med det tempoet som var i kampen mot Haugesund gjorde det tungt i dag. Samstundes så er det ei utfordring vi skal klare, og det gjorde vi i dag, avslutter Hetlevik.