Sport | 10. mai 2018

Vann målrik kamp mot NHH

– Det blei meir spennande enn kva som burde vore nødvendig, seier Tim Henrik Sperrevik.

Vann målrik kamp mot NHH
Øystein Takle Eide, her i førre heimekamp, sette inn 1-3 og var nær 2-5-skåring. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. mai 2018 19:27

Os spelte bortekamp mot NHH torsdag. Femte siger på rad blei sikra, men ikkje utan at det blei spennande.

Mats Cato Moldskred gav Os leiinga i 39. minutt, NHH utlikna i første minutt av 2. omgang.

– Det skjedde ei misforståing på ein dødball. Akkurat den der tar eg på mi kappe, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.

Os brukte berre sju minutt på å ta leiinga igjen, Øystein Takle Eide sette inn 1-2.

– NHH har mange gode spelarar, nokre av dei med erfaring frå Tippeligaen. Vi køyrde dei i første omgang, men blei litt stressa og slitne etter pause. Det har vore ei god, men litt hard treningsveke, seier Sperrevik.

Nær 2-5-siger

Etter at Endre Brenne auka til 1-3 i 57. minutt reduserte NHH igjen ti minutt seinare. Hafsås sørgja for 2-4 i 86. minutt, men økonomistudentane gav ikkje opp.

– Takle Eide var i angrep og chippa ballen over keeper, men ballen gjekk på innsida av stanga og ut, og på kontringa som følgde så skåra NHH. Vi var nær 2-5, men kampen enda 3-4.

– Eg er nøgd med tre poeng på ein dag der ikkje alt klaffa, seier Sperrevik.

NHH - Os 3-4 (0-1)
Os: Anders Fossen Lunde - Endre Brenne, Divaldo Cardoso, Torkel Hjertnes, Harry James Moore - Alexander Tøssebro, Marius Mikkelsen (Martin Eidsvik), Rafael Villen - Øystein Takle Eide, Christoffer Hafsås og Mats Cato Moldskred (Sander Kvittingen).

No er det 16 dagar til neste Os-kamp, den går på Kuventræ mot Austevoll laurdag 26. mai.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.