Sander Kvittingen blir gratulert med 1-0-skåring i 11. minutt. (Foto: KVB)

Vann lokaloppgjeret med fire mål

Os 2 - Søfteland blei ikkje så spennande som publikum truleg hadde håpa på.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I strålande sol og rikeleg med plussgradar tok Os 2 i kveld imot Søfteland til derby på Kuventræ.

Dei to laga låg på 4. og 3. plass før dagens oppgjer.

Os 2 - Søfteland 5-1 (2-0)
Målskårarar, Os: Sander Kvittingen, Alexander Tøssebro, Steffen Kvamsdal, Fabian Bødtker og Egil Thuen.
Målskårar, Søfteland: Simon Aasen.
Tropp og kampfakta på fotball.no

Os gjekk opp i 1-0 i 11. minutt. Søfteland hadde ein skummel corner i 9. minutt og eit frispark rett utanfor 16-meteren i 10. minutt.

Heimelaget auka til 2-0 i 20. minutt, Søfteland hadde ein stor sjanse i 27. minutt.

– Os 2 vinn til slutt fortent, men det kunne blitt eit anna kampbilde, og kjekkare for publikum, om vi hadde sett nokre av sjansane våre før pausen, seier Søfteland-trenar Raymond Pedersen.

• VIDEO: Sjå alle skåringane og nokre av sjansane

2. omgang var berre tre minutt gamal då Os 2 auka til 3-0 ved Tøssebro, 4-0 ved Kvamsdal og 5-0 ved Thuen. 5-1 kom i 83. minutt, mens Os 2 skaut utanfor tre gongar på to minutt før slutt.

– Vi har jobba ein del med defensiv struktur i det siste, og det viste i dag. Sett vekk frå eit par glippar så gav vi ikkje vekk mykje rom, seier Os 2-trenar Martin Røttingen Eidsvik.

– Eg var litt spent på korleis dei skulle taklar det med lokaloppgjer, men eg synest gutane viste at dei òg spelte med hjartet i dag. Vi brenner litt sjansar, men vi har full kontroll.