Lokal | 17. mai 2018

To vaksne kvinner tatt for nasking

To kvinner, éi i 40-åra og éi i 70-åra, er meldt for tjuveri frå butikk.

To vaksne kvinner tatt for nasking
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. mai 2018 07:00

Det har vore ei roleg natt til 17. for politiet i Os.

– Vi fekk melding om at russen hadde samla seg i Mobergsvikjo, og at nokre ungdomar på staden køyrde moped, og kanskje var rusa.

– Ein patrulje køyrde bort og sjekka forholda, men fann ikkje noko å reagera på. Hos russen var stemninga god, vedkomande på moped var edru, fortel Helge Blindheim, NK i Vest politidistrikt.

Vaksne kvinner takk for tjuveri

Tidlegare på dagen, i 12.30-tida, fekk politiet melding om naskeri frå butikk.

– Ein daglegvarebutikk i Byvegen hadde mistenkt to kvinner for tjuveri. Vi rykte ut og snakka med partane.

Dei to mistenkte er i 40- og 70-åra.

– Forholdet er meldt og det er oppretta sak.

Geiter i vegbanen

Klokka 20.20 i går fekk politiet melding om geiter i vegbanen nær Halhjem ferjekai.

Patruljen var ikkje ute på Halhjem, men fekk heller ikkje fleire meldingar om geitene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.