Leiar i Bjørnafjorden Senior Høgre, Ernst Hoff, skriv i dette lesarinnlegget at alle som jobbar på sjukeheim bør vaksinera seg. (Ill.foto: KVB)

Vaksinering av tilsette bør vera eit krav

Lesarinnlegg: Senior Høgre meiner alle som jobbar på sjukeheim bør vaksinera seg.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I lys av seinare tids diskusjonar, vil vi i Senior Høgre uttale:

Vi meiner, både nasjonalt og lokalt, at det bør vera eit krav at alle som jobbar på sjukeheim, sjukehus og i heimetjenestane kan fremlegge bekrefting på gjennomført influensavaksine og andre relevante vaksiner. Utan vaksine må legeerklæring på at vaksinering ikkje er mogeleg framleggast. Då vert det leiar sitt ansvar å finna teneleg arbeidsoppdrag for den tilsette (skjerma frå pasientane).

Stavanger Aftenblad har undersøkt kor mange av dei tilsette i velferdstjenestene som er vaksinerte mot influensa i år.

Resultata var oppsiksvekkande.

Sjølv om fleire institusjonar var oppe i både 60 og 70 % dekning, var dekninga på sjukeheimane berre 10-12 %.

I fjor døyde 1400 personar av influensa i Noreg.

Då vert det ikkje rett at tilsette som jobbar på sjukeheim, der dei svakaste og mest sårbare oppheld seg, ikkje lar seg vaksinera. Dette trass i at smittevernavdelinga har tilbode å sette vaksine gratis.

Trass fleire og omfattande informasjonskampanjar; vaksinasjonsgraden er framleis langt under dei 75 prosenta som er naudsynt for å få gruppeskydd.

Sterkare verkemiddel må takast i bruk.

Det er sjølvsagt at personell som arbeider på sjukeheim som eit minimum er vaksinert mot influensa.

Målet bør vera å nå gruppeskydd-grensa på 75 %.

Difor er Senior Høgre glad for at regjeringa har nedsett eit utval som skal vurdera alle sider av eit eventuelt påbod om vaksinering av helsepersonell.

Ernst Hoff

Leiar, Bjørnafjorden Senior Høgre

Fleire saker