Innsatsleiar tysdag, Ivar Kvant frå Vest politidistrikt, fortel om opptrapping av søk etter sakna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Utvida søk etter sakna mann

Politiet og Røde Kors trappar opp søket etter ei natt utan resultat.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag klokka 15.20 blei ein mann i 50-åra meldt sakna, i 23.30-tida fortalte politiet og Røde Kors om redusert aktivitet, men utplassering av lyttepostar i terrenget gjennom natta.

• Les òg: Turgåarar kan ha møtt mannen ein halvtime etter at han blei meldt sakna

– Vi har ikkje noko nytt etter i natt, men trappar no opp søket, seier innsatsleiar Ivar Kvant i Vest politidistrikt til Midtsiden tysdag morgon.

Han er på plass i basen i Røde Kors-huset i Kolskogen. Der har det òg kome inn store leitemannskap.

– Delar av terrenget vi søkte gjennom i går skal finkjemmast. I tillegg vil vi utføra grovsøk i eit utvida område, fortel Kvant.

I tillegg til politiet sitt personell deltar Røde Kors, Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp i søket.

– Blir det søk frå lufta i dag òg?

– Ja. Folk frå den lokale flyklubben (Os Aeroklubb) har meldt seg, og vil ta nokre streif med fly. Vi vil dessutan få opp helikopter frå Luftambulansen og Hovedredningssentralen.

OPPDATERT kl 12.14: Politiet har bedt Sivilforsvaret om å bistå i søket. Dei stiller med mannskap.

OPPDATERT kl 13.22: Kommunen set ned ei kriseleiing (KKL) kl 15 i samband med leiteaksjonen. Det fortel ordførar Marie L. Bruarøy i dagens møte i Os formannskap.

Saka og skildring av sakna

• Mannen gjekk frå Nordmarka i 12-tida måndag
• Politiet reknar med at han gjekk stien frå Nordmarka til Tøsdal for å gå til Borgafjellet via Stemmedalen
• Han blei meldt sakna klokka 15.20 etter at han ikkje kom heim til venta/avtalt tid
• Frå 18-tida var Luftambulansen over og rundt Borgafjellet på søk
• Klokka 19.35 gjekk politiet ut med etterlysing, med skildring, namn og bilde, og ba om tips.
• Klokka 23 fekk Midtsiden tips om observasjon av ein som liknar. Denne observasjonen blei gjort i Stemmedalen klokka 16.

Skildring av sakna: 185 cm høg, normal kroppsbygning, 54 år. Han har blå auge og noko kortare hår enn på bildet, som er frå 2011. Då han gjekk heimefrå var han kledd i svart treningsbukse med loddrett, grønn stripe, svart tskjorte og truleg ein svart, tynn treningsoverdel. Han har gullkjede rundt halsen og har truleg på seg ein sekk eller ei rumpetaske. Han har ingen tatoveringar.

Politiet tar imot tips på 47 79 72 38 eller 02800.

Midtsiden når du på tips@midtsiden.no/97975200.