UTSELD! Festspillene i Bergen: Tryllefløyten

Impempe Yomlingo

OBS! Ang. billettar: 
Dersom du ikkje finn billettar på Oseana sin billettlink, kan du forsøke å gå inn på Festpillene i Bergen sin billettlink her  
https://fib.eventim-billetter.no/webshop/webticket/seatmap?eventId=9&_ga...
 
Festspillene i Bergen: Tryllefløyten – Impempe Yomlingo
Cape Town-ensemblet Isango gjer Mozart sin eventyropera til ein eksplosjon av glede. 
I festspelkonserten Tryllefløyta – Impempe Yomlingo ­- er Wolfgang Amadeus Mozart sin uimotståelege musikk omskriven for eit marimbaorkester og solid plassert i det afrikanske lydbildet.
Artistane i det sør-afrikanske teaterkompaniet Isango Ensemble er frå township’ane utanfor Cape Town, og har spesialisert seg på å forvandla og aktualisera klassiske verk ved å flytta dei til afrikanske omgivnader. Ensemblet har hausta prisar og ståande ovasjonar verda over for framføringane sine, og kjem til Oseana med konsertversjonen av Impepe Yomlingo («tryllefløyta» på det sørafrikanske språket xhosa).
Heftig perkusjon og fyldige vokalharmoniar gir Mozarts makelause syngespel ein ny, eksplosiv puls, og gjer Nattas dronning og dei andre udødelege melodiane frå operaen til ei unik musikalsk oppleving. Ensemblet har gjort stor suksess med stykket i Londons West End, Paris og Tokyo. Under årets festspel opptrer Isango Ensemble også på Den Nationale Scene med A Man of Good Hope.  
 «Etterlèt deg med ei sjeldan kjensle av saliggjerande glede» - Sunday Times UK
«Nok energi til å drifta eit par statlege straumnett, og nok desibel til å løfta fleirfaldige tak» - The Times UK
 
Tryllefløyta av WOLFGANG AMADEUS MOZART (1756–1791), arrangert av Mandisi Dyantyis Isango Ensemble
 
Varighet ca 2 timar med pause
 

Torsdag, mai 31, 2018 - 19:00