Sport | 15. juni 2016

Ungjenter gav fiskarane håp

... men «monsteret» beit ikkje på kroken i løpet av opningsnatta i Oselvo.

Ungjenter gav fiskarane håp
Stig Gram-Knutsen fekk ikkje mange gram i natt, her med brunauren på 0,5 kg, som blei sett ut igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. juni 2016 10:53

Bildeserie:

Fiskarane kunne klaga på vassføringa, men ikkje vêret. (Foto: KVB)
Fiskarane kunne klaga på vassføringa, men ikkje vêret. (Foto: KVB)
Så lite vatn var det i elva. (Foto: KVB)
Så lite vatn var det i elva. (Foto: KVB)
I sone 1 var det selt kort, men ingen som prøvde seg. (Foto: KVB)
I sone 1 var det selt kort, men ingen som prøvde seg. (Foto: KVB)
I sone 2 var det snev av håp hos Stig og Remi. (Foto: KVB)
I sone 2 var det snev av håp hos Stig og Remi. (Foto: KVB)
Remi Bårtvedt tok opp fisket igjen i 2011 og er beten av basillen. (Foto: KVB)
Remi Bårtvedt tok opp fisket igjen i 2011 og er beten av basillen. (Foto: KVB)
Stig Gram-Knutsen prøvde seg i fossen. (Foto: KVB)
Stig Gram-Knutsen prøvde seg i fossen. (Foto: KVB)
Den minste av dei tre små som beit på kroken. (Foto: KVB)
Den minste av dei tre små som beit på kroken. (Foto: KVB)
Remi tok seg ein pause og skifta frå makk til reke - utan respons. (Foto: KVB)
Remi tok seg ein pause og skifta frå makk til reke - utan respons. (Foto: KVB)
Då auren på 0,5 kg beit på kroken blei det litt sprell. (Foto: KVB)
Då auren på 0,5 kg beit på kroken blei det litt sprell. (Foto: KVB)
1 av 9

Etter det Midtsiden kjenner til er det førebels ikkje tatt laks i Oselvo etter sesongstart ved midnatt 15. juni.

Har du fått fisk? Kontakt Midtsiden på 90789270 eller kjetil@midtsiden.no.

Snev av håp i sone 2

Alt låg til rette for ein brakstart på sesongen for Stig Gram-Knutsen, som har fiska i Oselvo samanhengande sidan han var liten, og for første gong fått sone 2 på opningsnatta. Med seg hadde han Remi Bårtvedt, barnebarnet til Oskar, som Oskar-prisen er oppkalla etter.

Det einaste som mangla var vassføring.

– No skal eg finlesa reglementet og sjå om det er eit smutthol for å argumentera for at eg må få sone 2 neste år òg, spøkte Stig, ein halvtime ut i årets fiske.

Kameraten Remi hadde i utgangspunktet eit snev av håp om fangst, trass låg elv, etter ein samtale med to unge jenter tysdag ettermiddag.

– Eg var nedom etter jobb for å sjå om det sto noko fisk her, og då var det to unge jenter og bada i kulpen. Plutseleg sat begge seg opp på land. Dei sa dei ikkje våga å bada meir på grunn av eit monster av ein fisk, fortel Remi og viser kor stor jentene sa at fisken var.

– Det kan jo henda at det står ein bra laks her, men det spørs om han bit.

Gjedde og aure

Mens Remi ikkje fekk napp hadde Stig det han kallar ein vaksen laks bortom snøret på første kast.

Men det einaste han tok på land var tre småfiskar, den største var ein brunaure på 0.5 kilo, og alle blei naturlegvis sett ut igjen.

Ifølgje Ole Vidar Søviknes, som følgjer fisket tett gjennom sesongen, har Carl-Otto Curran tatt ei gjedde på 1,5 kilo. Sjå bilde på prohd.no.

– Eit utruleg kick

Stig og Remi gav seg i 2-tida i natt, framleis utan fangst. Men dei ser begge fram til resten av sesongen og spesielt til første skikkelege regnskyll.

– Er det mange netter som går med i løpet av sesongen?

– Nei, det blir stort sett ettermiddag og kveld, og nokre morgonar, at eg reiser på jobb litt seint og står og fiskar frå 8 til 10, fortel Remi.

Han hadde ikkje fiska på mange år då han i 2011 tok opp igjen hobbyen,

– Dei første åra blei det berre tert, laks oppunder 3 kilo. Den første laksen tok eg heilt på tampen av 2014-sesongen, i september. Den største eg har tatt var på 6,6 kilo, det var eit utruleg kick!

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.