(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ungdom klatra på taket igjen

For andre gong denne veka rykte politiet ut til Os barneskule.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fleire gongar i år, seinast i veka som var, har politiet fått melding om klatring på taket på gymsalen til Os barneskule.

– Laurdag litt over klokka 19 fekk vi same melding igjen, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Politiet rykte ut, men då var ungdomane vekke.

Promillekontroll i natt

Det har vore ei roleg natt i samband med utelivet i sentrum.

I løet av natta har politiet i Os gjennomført promillekontroll på E39 ved Røykenes.

– Vi kontrollerte trafikken i begge retningar og sjekka i alt 23 bilførarar. Alle var edru.