Lokal | 11. okt. 2018

Ueinig med Hareide

Lesarinnlegg: KrF bør søke ikkje-sosialistisk regjeringssamarbeid.

Ueinig med Hareide
Kommunestyrerepresentant Jakob Enerhaug (bildet) har signert innlegget saman med leiar Helge Olav Nygard og styremedlem Sigurd R. Kalvenes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. okt. 2018 06:56

Det er no på tide for KrF å gå søke regjeringssamarbeid på ikkje-sosialistisk side i politikken saman med Høgre, Frp og Venstre.

Her er nokre grunnar til at vi meiner det:

• Vi vil jobba for eit velferdssamfunn, bygd nedanfrå både av private og ideelle.

• Vi vil forsvara trusfridomen og samvitsfridomen i landet vårt. Her kjem saker som reservasjonsrett for legar inn.

• Vi meiner at statlege reguleringar ikkje må bli større enn i dag, for å ikkje avgrensa moglegheitene meir for einskildpersonar, institusjonar og verksemder. Støtte til friskular kjem inn som eit eksempel her. Her er det meir forståing å henta på ikkje-sosialistisk side.

• Vi meiner at gjennomslaga dei siste 5 åra har vore betydelege, også med tanke på at KrF er eit lite parti. Eksempel er lærarnorm, bistandsbudsjett, samferdsle, klima.

• Vi meiner at det blir eit løftebrot om KrF no skal skifte side, då partiet har gått inn for ikkje-sosialistisk samarbeid i to val på rad.

Det er saman med dei borgarlege partia vi har auka kontantstønaden frå 5000 til 7500 kroner, medan Ap går til val på å avskaffe den. Det var høgrestatsråder som stod fast og forsvarte KrF sitt gjennomslag i reservasjonsrett-saka.

Der SV opplevde å stå i skuggen av Ap, har Erna Solberg lete samarbeidspartia få løfte fram politikken sin og få gjennomslag.

Historisk sett veit vi at Ap og SV har vore KrF sine hovudmotstandarar når det gjeld kristen påverknad i skule og samfunn.

Erna Solberg er ein svært populær statsminister blant våre veljarar. Vi har rett og slett ingen truverdig sak å skulle kaste Erna på.

Det siste vi treng no er eit urealistisk alternativ.

Slik vi ser det var det feil i 2017 å gå til val på sentrum-høgre, veljarane trudde oss ikkje. Ved å peike på ei regjering med Ap, SP og KrF så let ein være å ta med ein viktig parlamentarisk brikke; SV.

Etter oppslutninga vår dei siste åra skulle ein tru at vi hadde lært å peike på alternativ som faktisk eksisterer.

Å jobbe for ei regjering med Arbeiderpartiet med støtte frå SV har, slik vi vurderer det, ein altfor høg pris og er eit risikoprosjekt med KrF sin livsrett som innsats.

Vi støttar difor dei to nestleiarane våre, Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Vervik Bollestad, som tilrår KrF å gå inn i regjeringsforhandlingar med regjeringa Solberg.

Helge Olav Nygard, leiar Bjørnafjorden KrF
Sigurd Risa Kalvenes, styremedlem Bjørnafjorden KrF
Jakob Enerhaug, gruppeleiar for KrF i Os kommunestyre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.