Blir det 17. maifeiring på Kyrkjeflaten eller må ein flytta til grusplassen. Det er det vêrgudane som avgjer (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Uavklart om 17. mai-feiringa

Blir det 17. maifeiring på Kyrkjeflaten eller ikkje. Prognosane er gode, men kommunen vel å ha is i magen.

Av: Andris Hamre

Som Midtsiden skreiv om i førre veke var det usikkert om 17. maifeiringa kan gå føre seg på Kyrkjeflaten eller om det vil bli for blautt

Les òg: Slik blir 17. maifeiringa på Os og i krinsane

Kulturkonsulent, og medlem i 17. mai-komiteen, Kjetil Osablod Grønvigh fortalde då at dei ville ta ei avgjer i midten av denne veka på om dei satsar på Kyrkjeflaten eller om dei flyttar arrangementet til grusplassen mellom Os ungdomsskule og Kyrkja.

– Status er no at berre på dei siste 24 timane har området tørka mykje opp. Det er framleis stor vassmetting enkelte stadar, men gartnarane lukkast med å få slått graset i går. Graset gror og etter kvart på dei brune områda.

Jokeren no, er vêrmeldinga for morgondagen, torsdag 10.05.18. Det er meldt til dels store mengder nedbør. Dette inneber at vi truleg vil vera attende til nullpunktet fredag morgon når det gjeld vassmetting, seier Osablod Grønvigh onsdag.

Godt langtidsvarsel

Langtidsvarselet fram mot 17. mai syner lite nedbør etter morgondagens regnskyll.

– Det er i favør Kyrkjeflaten. Vi har difor konkludert med at vi vel å ha is i magen litt til. Endeleg avgjer vil vi ta måndag 14. mai. Då har finvêret som er meldt fått jobba enno litt til, og meterologane vil kunne seie mykje meir eksakt om finvêret held seg fram til sjølve dagen.

Skulane får beskjed

Osablod Grønvigh fortel at skular og andre involverte får detaljert informasjon frå 17. maikomiteen om kva dei to alternativa inneber for dei.

– Det gjer at dei lett kan tilpassa seg det endelege valet.

– Vi vil heile tida nytta våre informasjonskanaler til å halde innbyggjarane oppdatert på programmet for dagen, og vi vil rå alle til å sjekka innom det digitale programmet på kommunen si heimeside med jamne mellomrom. Der vil all informasjon bli oppdatert fortløpande, seier ein lett optimistisk Osablod Grønvigh.