Kultur | 19. mai 2019

Tysnesfest inviterer til Det Sjukaste Vorspielet

Laurdag 13. juli tek Staysman med seg ein bråte med vener og steller i stand «Det Sjukaste Vorspielet» på Gjerstad!

Tysnesfest inviterer til Det Sjukaste Vorspielet
Staysman&Lazz skal leia det sjuke vorspielet på laurdagen under Tysnesfest. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 19. mai 2019 07:21

Bildeserie:

Oral Bee og Mr. Pimp Lotion tek turen på vorspielet. (Pressefoto)
Oral Bee og Mr. Pimp Lotion tek turen på vorspielet. (Pressefoto)
Det same gjer Mads Hansen. (Pressefoto)
Det same gjer Mads Hansen. (Pressefoto)
1 av 2
Oral Bee og Mr. Pimp Lotion tek turen på vorspielet. (Pressefoto)
Det same gjer Mads Hansen. (Pressefoto)

Laurdagen på årets Tysnesfest ligg allereie an til å bli ein stor festdag med artistar som Broiler, Kjartan Lauritzen, Julie Bergan, Ina Wroldsen og Kriminell Kunst på plakaten.

No køyerer festivalen seg endå hardare opp med Staysman&Lazz, Mads Hansen og Oral Bee & Mr. Pimp Lotion som vorspiel.

Frå Spektrum til Gjerstad med rølp

Staysman&Lazz er ein norsk duo beståande av Stian Thorbjørnsen og Lasse Jensen. Dei har herja både hitlister, festivalar og klubbar dei siste åra, og har vore med på omtrent alt som går an å være med på i underhaldningsbransjen.

I mars i år klarte dei kunststykket å fylla Oslo Spektrum då dei arrangerte "Den sykeste festen". Rølpen er definitivt ein bestselgar, og Staysman&Lazz er sjølve definisjonen på rølp.

Sommerkroppen, Oslo og Spenol

Mads Hansen har ikkje ei like lang liste over hits som Staysman&Lazz. Faktisk er lista hans berre på ein enkelt låt. Men sjølv om det berre er ein, har han allikevel heile 21.5 millionar streams berre på Spotify aleine.

Mads Hansen er eit ekte One Hit Wonder, og låten du garantert kjenner teksten på er sjølvsagt «SOMMERKROPPEN».

Oral Bee nyt ein suksess få ville gjetta på for nokre år sidan. Han har spela for utselde konsertar over heile Noreg og hatt mange radiosinglar. Singelen "Høyt over Oslo" som han gav ut med Morgan Sulele har nesten 12 millonar avspelingar på Spotify.

Fyrste singelen "Penger" kom ut i 2000 og førte til at han blei landets mest forhatte rappar med sin West Coast stil, men gjennom åra har han bygga opp ein hardcore fanbase som berre veks og veks.

Mr. Pimp Lotion er berykta for sine live-show kor han stiller i pels, kritisk korte shortsar, bacon-sokkar, Saucony-sko og eigendesigna Lotion-caps. Han blir sjeldan sett utan ei svær flaske Spenol i handa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.