Kultur | 30. juni 2018

Topp 5 på «sommarpolet» i Os

Kva drikk osingane mest av?

Topp 5 på «sommarpolet» i Os
Ragnhild Skaathun Blindheim, butikksjef på Vinmonopolet Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. juni 2018 07:01

Bildeserie:

Utvalet av ferdigblanda drinkar har auka. (Foto: KVB)
Utvalet av ferdigblanda drinkar har auka. (Foto: KVB)
Det har òg salet av italiensk musserande. (Foto: KVB)
Det har òg salet av italiensk musserande. (Foto: KVB)
1 av 2
Utvalet av ferdigblanda drinkar har auka. (Foto: KVB)
Det har òg salet av italiensk musserande. (Foto: KVB)

Ein varm og tørr mai fekk omsetnaden til å setja fart:

Plassert nesten på brygga i skjergardsbygda Os er Vinmonopolet sin butikk i Hamnevegen eit typisk «sommarpol», der dei beste sommarmånadane nesten er like travle som desember.

– Vi hadde ein veldig god mai i fjor, men med 25-30 gradar og fire samanhengande veker med sol blei det endå betre i år og 16 prosent over det vi hadde budsjettert, seier butikksjef Ragnhild Skaathun Blindheim.

I alt auka salet frå 26.000 til 29.600 liter i mai samanlikna med mai i fjor, ei auke på nesten 1000 liter per veke. Til samanlikning blei det selt 42.000 liter i desember. Menga kundebesøk auka med 800.

Stor auke i rosé og musserande

Blant det som aukar mest i butikken på Os er rosévin og prosecco. I mai blei det selt heile 472 flasker av den mest populære proseccoen og 203 flasker av bestseljaren innan rosévin, mens dei mest populære vinflaskene selte i 150 (raud) og 136 (kvit) eksemplar.

Sjå topp 5-lister nedst i artikkelen.

– Vi ser at trendene frå kontinentet kjem til Noreg etterkvart. For fem år sidan var vi på tur med Vinmonopolet og fekk høyra om «spritz», som var veldig populær nedover i Europa. Denne drinken har no kome for fullt i Noreg, fortel Ragnhild.

Aperol spritz er ein italiensk coctail som består av 3 delar prosecco, 2 delar Aperol og 1 del soda. Aperol er ein hetvin med både søt og bitter appelsinsmak. Også andre ferdigblanda drinkar har kome i større utval, med typar som mojito og daiquiri.

– Nokre av desse er litt tidkrevjande å laga sjølv, og det er dessutan lett for at du blander for sterkt når du skal miksa heime. Om det smaker best med heimelaga så ser det ut som om dette er gode og populære alternativ.

Utvida og skreddarsydd utval

Vinkjennarar og ølinteresserte osingar og hyttetursitar er med på å prega sortimentet hos Vinmonopolet på Os.

– I Os har vi mange heimebryggarar, og dei kjem til oss med tips og ønskje. Vi justerer utvalet etter slike ønskje og let ølet stå ei stund i hyllene før vi eventuelt skiftar ut med andre variantar.

I lengre tid har folk kome med tilsvarande ønskje på vin, ikkje minst bergensarar med hytte i Os.

– Vi har cirka 250 variantar som i utgangspunktet ikkje høyrer til i utvalet vårt. No i sommar blir dette utvida endå meir, fortel Blindheim, og legg til at utvalet er lett å studera nærmare i Vinmonopolet sin app, pol for pol.

I listene under ser du nokre av bestseljarane hos Vinmonopolet Os.

TOPP 5 - MAI 2018

ROSÉVIN
1. Il Mimo 203 flasker
2. Ioppa Colline 155 flasker
3. Beringer Zinfandel 101 flasker
4. Dom. Montrose 101 flasker
5. Joseph Mellot 59 flasker
Bestseljar i kartong/3 liter var Chill Out med 50 selte i mai.

MUSSERANDE
1. Albino Armani Prosecco 472 flasker
2. Valdobbiadene Sup Brut 330 flasker
3. Sprintoso Moscato Spumante 164 flasker
4. Giol Prosecco Spumante 137 flasker
5. Freixenet Carta Nevada 136 flasker

ØL
1. Krönleins Stockholm Fine Festival Beer 121 flasker
2. Erdinger Weissbier 65 flasker
3. San Miguel Especial 46 flasker
3. GullMack 46 flasker
5. Stella Artois 41 flasker

CIDER
1. Lotherus Sider 69 flasker
2. Hardanger Kvassholmen 35 flasker
3. Hardanger Spridlande 25 flasker
4. Alde Eplecider 17 flasker
5. Hardanger Trolltunga 16 flasker

KVITVIN
1. Dr. L. Reisling 152 stk kartong (3 liter)
2. Müstique Riesling Kabinett 136 flasker
3. Concha Y Toro Chardonnay 135 stk kartong (3 liter)
4. Laroche Chardonnay 134 stk kartong (3 liter)
5. Modelland Ars Vitis Riesling 119 flasker

RAUDVIN
1. Falling Feather 170 stk kartong (3 liter)
2. Pietro di Campo Silenzo 150 flasker
3. Falling Feather 142 flasker
4. Marques de Nombrevilla 139 stk kartong (3 liter)
5. Tommasi Graticcio 125 flasker

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.