Lokal | 20. mai 2018

Tok seks fartssyndarar på Skeie

– Her kjem vi tilbake, seier politiet.

Tok seks fartssyndarar på Skeie
Politiet sat med laser på Skeisflaten laurdag formiddag. (Her på Lepøsøyvegen, arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. mai 2018 06:49

Laurdag formiddag hadde politiet fartsmåling i 50-sona på fv 159 Skeisflaten.

– Vi sat eit par timar med laseren og skreiv i alt ut seks forenkla forelegg grunna høg fart, opplyser vakthavande ved Os lensmannskontor.

Høgaste fart blei målt til 70 km/t, noko som resulterer i 5500 kroner i forelegg. Om farten hadde vore 1 km/t høgare hadde bota blitt 3000 kroner større.

Kunne blitt fotgjengar

– Det blei berre målt fart i éi retning, men vi observerte både høg fart og fleire uforsiktige forbikøyringa motsett veg. Hadde vi hatt kontroll begge vegar i går, så ville det nok blitt eit par førarkortbeslag.

Bakgrunnen for at politiet stilte seg på Skeisflaten er gjentatte klagar på høg fart og motorsyklar som leikar seg i trafikken. Alle som blei stoppa i kontrollen laurdag formiddag hadde fire hjul.

Mopedist må til by'n og visa skiltet sitt

Tidlegare på dagen laurdag blei ein bil som sto parkert i Os sentrum avskilta. Årsaka var at den ikkje er EU-godkjent.

I 16-tida på ettermiddagen blei ein moped stoppa grunna vinkelen på skiltet. Skiltet var vippa ut i horisontal retning, noko som gjer det vanskeleg å lesa kjenneteiknet.

– Mopedisten fekk pålegg om å visa mopeden, med skilt i original posisjon, for vegvesenet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.