Roger B. Ekeland, her i NM-kvalik i april, gav Os leiinga på straffe i dag, men måtte ut med skade i pausen. (Foto: KVB)

Tok leiinga, men så rakna det

Os tapte for Fana igjen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os spelte i kveld bortekamp mot Fana, som vann 1-0 over Os i andre kvalifiseringsrunde til NM 1. april.

I dag gjekk Os i føringa, men 0-1-leiing var ikkje nok.

Fana - Os 4-1 (1-1)
Målskårar, Os: Roger Ekeland (straffe, 19. minutt)
Kampfakta på fotball.no

– Ingen av laga skapte særleg med sjansar i starten. 0-1 kjem då vi får straffe i eit ganske fint angre, dei to første baklengsmåla kjem etter personlege feil og uhell i våre eigne rekker, fortel trenar Endre Brenne.

2-1 kom i 56. minutt, på tampen (88. og 90.) kom det to til.

– Fana framsto som sterke og skapte meir utover i kampen. For vår del var det eit steg tilbake i forhold til der vi har vore dei siste kampane, synest Brenne.

Fleire av dagens resultatat i avdelinga:
Vard Haugesund - Fjøra 8-0
Lysekloster - Stord 2-1

Os sin neste kamp er heime mot Sogndal 2 laurdag 25. mai.

Terminliste og tabell på fotball.no

Fleire saker