Sport | 05. aug. 2011

Til vanns, til lands...

..men ikkje i lufta med. Du kan likevel få utfordringar nok i Os Triathlon.

Til vanns, til lands...
Andris Hamrefredag 05. aug. 2011 06:16

Vestlandets vakraste sprint-triathlon kallar arrangørane Os Triathlon som blir arrangert sundag 28. august i og ved Ulvenvatnet.

Sjå saka frå fjorårets løp her.

I tillegg til Noregscup for dei fremste triathlonutøvarane i Noreg har dei ei klasse for mosjonistar og ei for born.

- Vi har kapasitet til omlag 200 deltakarar i mosjonsklassa, fortel stevneleiar Trond Pedersen.

Førebels har stemneleiaren registrert omlag 80 påmeldte.

- Det er ganske bra så lenge før løpet, og betre enn i fjor, fortel Pedersen.

Sjå video frå fjorårets barneløp (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no).

Symjing, sykling, løping

Mosjonsløpet går over 750 meter symjing, 20 km sykling og 5 km løping.

- Vi har og tilbud om å symje 300 meter i staden for 750 meter for juniorane og dei eldste løparane.

- Om det er folk som har lyst å delta, men som kviar seg for symjinga kan vi nok få til at dei også kan få symja 300 meter.

- Det er ofte symjinga som er den største bøygen for dei fleste når dei skal prøva seg på triathlon, forklarar Pedersen.

13-15 åringane symjer uansett 300 meter.

- Det er ikkje store krav til utstyr heller. Har du ei badebukse, eit par joggesko og ein sykkel kjem du langt.

- Løpet kan jo vera ei artig avveksling for lag som vil ta det som ei intern konkurranse eller som ei treningsøkt, reklamerar Pedersen.

Barneløp for alle

Arrangørane legg opp til å følge same tidsplan og opplegg som dei tidlegare åra.

- Ei lita endring vil vi likevel gjera i barneklassa ved at vi lar dei eldste ungane starta eit minutt eller to før dei minste, fortel Pedersen.

Under fjorårets triathlon deltok ungar frå 3-4 årsalderen med trehjulssykkel til ungdommar i 12-13 årsalderen.

- I barneklassane har vi ikkje satt noko grense for kor mange som kan delta. Vi skal nok få plass til alle som har lyst, forsikrar stemneleiaren.

Om du har lyst til å prøva det på triathlon kan du melda deg på her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.