– Hugs at fint vêr òg kan bety at det er mange mjuke trafikantar ute. Køyr varsamt, oppmodar politiet. (Ill. foto av Halhjemsvegen, KVB)

Tett med oppdrag i trafikken

Uhell ved Meny, snittmåling mellom Os og Amfi, tre avskiltingar og observasjon av forbikøyring på Halhjemsvegen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Politiet i Os har vore ein del ute i trafikken det siste døgnet.

– Det er både fordi vi har hatt fokus på det, men òg fordi det har kome inn ein del meldingar, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

– Det er dessverre ein del køyring i for høg fart. Dette er ei vanleg utfordring når vêret er fint og asfalten tørr, men hugs at dette også er ei tid der mengda mjuke trafikantar aukar, både ungar og vaksne som syklar, og truleg òg ein del unge, ferske mopedistar som er ute i trafikken. Ta omsyn!

Kollisjon ved Meny

Tysdag klokka 13.37 fekk politiet melding om trafikkuhell i rundkøyringa mellom Industrivegen, Ulvenvegen og Byvegen.

– Det var to bilar involvert. Ingen var skadd og partane var einige om kva som hadde skjedd og kven sitt ansvar det var. Men den eine var utanlandsk og partane trengte noko språkleg assistanse, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Var vitne til forbikøyring

Etter fotpatrulje på AMFI Os i 16-tida køyrde patruljen til Halhjemsvegen. Der blei dei vitne til ei forbikøyring.

– Det oppsto ingen farleg situasjon, men farten var høg. Vi stoppa bilførar, som innrømte å ha køyrd for fort.

– Vi hadde inga måling, som han slapp unna med ei åtvaring. Denne blir loggført.

Målte snittfart mellom Os og Amfi

Klokka 20.50 observerte politiet ein bil som heldt høg fart i 40- og 50-sona ut av Os sentrum retning nord på Byvegen.

I 60-sona gjennomførte dei ei snittmåling som viste 68 km/t.

Bilførar, ein mann i starten på 20-åra, blei stoppa og fekk 2100 kroner i forenkla forelegg.

Burning og avskilting

Klokka 21.38 fekk politiet melding om ein kvit bil som burna på parkeringsplassen utanfor Amfisenteret. Dei fann ikkje bilen.

Tre bilar som er begjørt avskilta blei kontrollert. To av dei blei avskilta, éin fekk køyra vidare, men med pålegg om å gjennomføra EU-kontroll snarast.

 

 

 

Fleire saker