Lokal | 26. des. 2017

To tabbar til 10.000 kroner

Det vil truleg bli dyrt for tenåringen som var på fest i Os sentrum i natt.

To tabbar til 10.000 kroner
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. des. 2017 09:11

Første juledag er ein livleg kveld for utelivsbransjen i Os, men ein av dei som var på fest i sentrum i natt kjem til å få ei stor sluttrekning.

– Han blei observert mens han urinerte oppetter ein bil, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Lars Geitle.

Vedkomande, ein gut i tenåra, fekk i 00.30-tida pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum, noko han ikkje etterkom.

– Patruljen møtte guten igjen då han prøvde å koma inn på ein utestad. Då blei han køyrd heim.

Geitle kunne ikkje fortelja kva bøtesatsar som gjeld for Os.

Rekninga for urinering på offentleg stad vil nok åleine koma på 4000-5000 kroner, å ikkje retta seg etter pålegg frå politiet kostar i fleire byar 6000 kroner i vekedagane og over 10.000 kroner i helgene.

Fekk ikkje koma inn - blei vist vekk frå sentrum

Litt seinare på natta, klokka 00.40, blei ein annan mann vist vekk frå sentrum.

Han hadde blitt nekta inngang på ein utestad, noko han ikkje fann seg i før politiet kom og gav han marsjordre. Dette var ein mann i 20-åra.

Tatt med promille på dagtid

På formiddagen 1. juledag hadde politiet trafikkontroll i krysset mellom Lyseklostervegen og Sperrevik.

49 bilar blei kontrollerte, alle førarane var edru.

Etterpå gjekk turen til Os sentrum. Klokka 12.26 møtte politiet ein bilist som dei stoppa.

– Bilførar, ein mann i 20-åra, blei tatt med for blodprøvetaking. Det et mistanke om promille og det er tatt beslag i førarkortet hans, opplyser Geitle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.