Sport | 19. aug. 2016

Sykler Noreg på langs

25. juli satte denne gjengen seg på sykkelsetet på Nordkapp. Torsdag kom dei innom Os. Formålet var å skape blest om Trade for Hope.

Sykler Noreg på langs
Denne gjengen har sykla frå Nordkapp til Os. Men ferden stopper ikkje her. Søndag skal dei vera framme på Lindesnes (lesarbilete: Valter Midtsæter)
Andris Hamrefredag 19. aug. 2016 09:16

– Hei, traff ein gjeng sprekinger som hadde sykla frå Nordkapp. No hadde dei eit pitstop på Amfi Os før ferden skulle gå vidare mot Lindesnes fyr, fortel Valter Midtsæter i ei melding til Midtsiden.

Gjengen med syklistar viser seg å ikkje sykle berre for å sykle, men med eit større formål, nemleg å skape blest om Trade for Hope.

Trade for Hope er eit prosjekt som Kitch'n Foundation har i samarbeid med frelsesarmeen sitt etiske handelsprosjekt Other kor produksjon av handlaga kvalitetsprodukter gir viktig arbeid for utsatte menneskjer i Bangladesh, Pakistan, Kenya og Moldova, opplyser dei på heimesida si.

25. juli satte syklistane seg på sykkelsetet på Nordkapp. Etter planen skal dei kome til Lindesnes førstkommande sundag.

Etappa om Os gjekk frå Bergen via Fyllingsdalen og Fana til Os, så vidare til Halhjem og ferja over til Sandvikvåg før den blei avslutta i Leirvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.