Eirik Søfteland før dagens finale. Eirik måtte nøya seg med 2. plass, men FOR ein finale av dei to.

Strålande finale av Elg og Eirik!

Vinnaren er kåra, veteranen vann.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I kveld blei finalen i Århundrets stemme sendt direkte på TV2.

Eirik Strønen Søfteland og Øivind «Elg» Elgnes song tre låtar kvar.

Klokka 20.47 blei vinnaren ropt opp: Elg er vinnar av Århundrets stemme!

60 år gamle Elgnes feirar i år 30 år som artist. Som vokalist i Dance With A Stranger gjekk han til topen (1. til 5. plass) på VG-lista kvart år frå 1988 til 1998. 

– Han fortener det, han er så utruleg flink, sa Eirik frå scenen etter at det blei klart at han måtte nøya seg med 2. plass.

– Eg føler vi har vunne begge to, som har kome så langt, sa Elg til Midtsiden fredag kveld.

• Les òg: Fredeleg stemning før finalen.

Dette song dei:

Øivind Elgenes: "Ambitions" (Donkeyboy, 2009), "Careless Whisper" (George Michael, 1985) og "The Lady is a Tramp" (Mitzi Green, 1937).

Eirik Søfteland: "Enter Sandman" (Metallica, 1991), "All Shook Up" (Elvis Presley, 1957) og "Signed, Sealed, Delivered I'm Yours" (Stevie Wonder, 1970)

Eirik er på heimebane med rockelåten Enter Sandman, «kven treng Metallica» sa Ivar Dyrhaug etter framføringa.

Han hadde sjølv valt seg Stevie Wonder-låten, men var òg heilt konge som Elvis med «All shook Up».

Skal synga saman i juni

No er det finalefest, men det blir ikkje siste kveld Eirik og Elg er saman.

Eirik er nemleg invitert med Dance With A Stranger som gjestevokalist i Strømmen i slutten av juni.

Her heime er det heller ikkje lenge til vi får sjå Eirik på scenen, han er booka til 17. maiferinga i Os sentrum.