Kultur | 24. juni 2011

Stor stemning

Video og bildeserie: Det var stor stemning og mykje lyd i Oseana fredag, men litt lite folk.

Stor stemning
Andris Hamrefredag 24. juni 2011 22:51

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Osøren Blues & Jazzfestival inntok fredagskvelden Oseana med sju artistar og band på tre forskjellige scener.

Om det var NRK og sofaen som freista meir er ikkje godt å seia, men det tok tid før osingane fann vegen ut på Mobergsneset.

- Vi har ikkje helt oversikt over kor mange vi har hatt inne i dag. Vi held framles på å telja, fortel økonomiansvarleg Hans Bjørn Bakketeig i det Rich Harper går på scenen som siste artist.

Svingande jazz

Jazzen inntok foajeen i Oseana med lokale Osøren Jazzensemble og Tone Linn Mjånes. At lokale heltar fungarer er det ikkje tvil om. Med fengande gla'jazz fekk dei fart i salen.

Det andre bandet som spelte i foajeen var Tone Lise Moberg saman med Washamba. Dei tok oss med på ei reise til latinamerikanske og afrikanske rytmar.

Sjå video av lokale og norske banda fredag.

Sveitt blues

For første gong blei Vargasalen brukt til konsertscene. Ein liten og intim sal kor temperaturen steig, både grunna god musikk og mykje folk. Spesielt trakk BB Lyngs Bluesband full stove og fekk i gang dansefoten.

Kvelden blei avslutta med dei to toppgitaristane Bernie Marsden (kjent frå Whitesnake) og amerikanske Rich Harper. Det var berre så synd at dei var sett opp til å spela om lag samstundes.

Sjå video av Bernie Marsden og Rich Harper.

Kongelaurdag

Alt tyder på at laurdagen kjem til å bli ein kanondag. Scenen i foajeen blir flytta ut på terrassen. Sola har meldt sin ankomst og innomhus i kveldinga kjem namn som Eric Slim Zahl and The Southwest Swingers, Vetrhus Bluesband og Vidar Busk & His True Believers.

Mista du fredagens konsertar bør du ikkje gå glipp av menyen laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.