Andreas Søfteland spratt opp Storhaugen i Lærdal (foto: Storhaugen Opp)

Sterk i NM-test

Andreas Søfteland spratt opp til ein sterk 2. plass på "himmelspretten".

Av: Andris Hamre

Kristi Himmelfartsdag tok motbakkeløpar Andreas Søfteland frå Opptur turen til Lærdal i Sogn for å testa formen før NM seinare i sommar. Det gjekk kjapt unna. Med tida 36.02 var han berre 22 sekund bak Erland Eldreup frå Varegg og tok ein kanonsterk 2. plass i det 3,7 kilometer lange løpet med ei snittstiging på nær 25%.

– Eg er godt nøgd for eg reiste inn der litt i uvissa etter at eg har slite litt med ei hofte etter at eg sprang i Spania.

– Eg hadde eit løp sist søndag som eg berre var middels nøgd med, så det var betre dette, men eg har framleis litt å gå på. Eg fekk i allefall stadfesta at formen er bra, oppsummerer Søfteland.

Nærmar seg noregstoppen

Klubbkompis Klas Færøvik legg ikkje fingrane i mellom når han omtalar den framgangen Søfteland har hatt dei siste par åra.

– Andreas har verkeleg tatt steget og nærmar seg no noregstoppen i motbakkeløp, og så lenge han nærmar seg den, så nærmar han seg verdstoppen òg. Han er ein mann å halde auge med, skryt Færøvik.

– Det er kjekt å høyre. Eg føler òg eg har tatt steg heie tida og at eg stadig er nærare og nærare dei alle beste. Det gir god motivasjon til å halde fram treningsarbeidet.

– Kva er det du har gjort dei siste åra som er annerleis enn tidlegare?

– Eg har vel helde på med dette i omlag seks år. Dei første fire handla det mest berre om å trena. Dei siste åra har eg fått ein betre plan på det og fått gode råd eg har tatt med meg. No er det meir system i treningsarbeidet og eg følgjer veileiing som dei bruker i Olympiatoppen, det går blant anna å la pulsen styre meir på treninga, forklarar Søfteland.

NM - det store målet

Storbakken Opp i Lærdal var for Søfteland eit treningsløp fram mot NM, som går under Skuggenatten Opp i Telemark 2. juni.

– Storbakken opp er eit av dei lengre motbakkeløpa no på våren. Dei fleste lengre løpa kjem på hausten når snøen har forsvunne i fjellet. Dessuten er det eit skikkeleg motbakkeløp kor vi startar på null og løper neste tusen meter opp. Berre eit kort strekk i starten er flat og på asfalt. Det aller meste går på sti og med jamn motbakke, akkurat slik eg liker det.

– Det er eit løp som mange av dei beste er med på, så det var kjekt og spennande få teste seg opp mot dei. Det var med både gode skiløparar, skiskyttarar og motbakkeløparar, så eg fekk ei god tilbakemelding på kor eg står før NM.

Ulriken opp neste

Søfteland har ikkje deltatt på NM tidlegare og gler seg.

– Det er eit av dei største løpa eg skal gjera denne sesongen. Eg gler meg til det, berre eg får kontroll på hofta. Eg håper den ikkje skal hindra meg i å få trent godt framover.

– Er det fleire løp på planen før NM?

– Ja, om alt går som eg har tenkt så stiller eg til start i Ulriken Opp 25. mai. Det blir siste testen før NM, avsluttar Søfteland.