Kultur | 09. apr. 2019

Steppin' Out steppar opp - på Solstrand

– Det passar jo ikkje i det heile tatt, seier Børrea og ler.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. apr. 2019 20:27

Bildeserie:

Børrea saman med Jan og Kristine frå Steppin' Out. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Børrea saman med Jan og Kristine frå Steppin' Out. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Knut Vidar Garlid og Nils Midtseter, her med ABO om bord i Midthordland i 2016. (Foto: KVB)
Knut Vidar Garlid og Nils Midtseter, her med ABO om bord i Midthordland i 2016. (Foto: KVB)
Jan Haaland og Kristine Bjånes serverte ein forsmak ved kaien til Solstrand. (Foto: KVB)
Jan Haaland og Kristine Bjånes serverte ein forsmak ved kaien til Solstrand. (Foto: KVB)
1 av 3
Børrea saman med Jan og Kristine frå Steppin' Out. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Knut Vidar Garlid og Nils Midtseter, her med ABO om bord i Midthordland i 2016. (Foto: KVB)
Jan Haaland og Kristine Bjånes serverte ein forsmak ved kaien til Solstrand. (Foto: KVB)

(I videoruta over - urframføring av «Jeg gikk med vill i skogene» frå 1939. Les meir om låten i nedste avsnitt)

Dei syntes sjølv at det var på tide med ein konsert, det lokale bandet «Steppin' Out».

– Vi har hatt ulike private oppdrag dei siste åra, som feiring av 30-årsdagen til ABO i 2016, men det er nokre år sidan førre konsert som var ope for publikum, seier Kristine Bjånes.

Solstrand Hotel & Bad blei plassert øvst på ønskjelista, og bandkollega Jan Haaland fekk i oppdrag å sjekka om det var mogleg å få til.

– Både politikarar, næringsdrivande og andre institusjonar i samfunnet har ei rolle å spela. Å lata dei gode stemmene bli høyrde synest eg er éi av dei. Å ha ro og rom for å seia ja, når eit band som Steppin' Out kjem og spør, var godt, seier Børrea Schau-Larsen.

– Det er kanskje eit sjeldant initiativ av eit lokalt band, og sjeldant at det passar?

– Det passar jo ikkje i det heile tatt, vi har fullt hus den dagen, men vi får det til! seier Børrea og ler.

– Eg og Jan tok ein tur på hotellet, for å finna ein passande stad. Vi fann ut at Broen ikkje var ideell akkurat denne kvelden, vi vil legga til rette for at bandet får eit mest mogleg lyttande publikum.

Med tre gjestemusikarar

Steppin' Out sin konsert blir spelt i Borgasalen på Solstrand torsdag 25. april. Salen har kapasitet til 200 gjestar.

Bandet består av, forutan vokalistane Kristine Bjånes og Jan Haaland (også på gitar), Knut Vidar Garlid (tangentar) og Nils Midtseter (trommer).

– På Solstrand har vi med oss tre handplukka, eminente gjestemusikarar, seier Jan, og ramsar opp Steinar «Lightsand» Lyssand, som er like flink som Steppin' Out til å hoppa frå sjanger til sjanger, på gitar, Tormod Bjånes, som får spela bass, ikkje fordi han er mannen til Kristine, men fordi han er sabla god å spela, og Hardangers store son, Arvid Aasprang frå Øystese på saksofon.

– Vi har øvd inn litt for mange låtar, og har så vidt starta på den tøffe jobben med å luka vekk litt, så ikkje konserten blir for lang, fortel Kristine.

– Og sånn at det er ein viss sjanse for at eg hugsar nokre av tekstane, supplerer Jan og ler.

Lagde låt av dikt frå 1939

Vi møtte Jan og Kristine med Børrea i skoddeheimen på Solstrand søndag formiddag. Etter ein prat på hotellet gjekk vi ein tur forbi nye stiar som er i ferd med å bli opparbeidd, ned til sjøen, mot kaien, som var ny i 2016.

Så fekk vi ei urframføring av Jan Haaland sin versjon av Inger Hagerup sitt dikt «Jeg gikk meg vill i skogene», frå debutsamlinga hennar frå 1939.

– Eg fann diktet i ei gamal bok i ei gamal hytte, og likte versa så godt at eg bestemte meg for at «ein vakker dag» skal eg setja melodi til dette diktet.

Søndag var ein vakker dag - sjå urframføringa i videoen over.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.