Stenger eitt felt av Hatvikvegen
Arbeidet med å utbetra gangfeltet mellom sentrumskjerna og Esso er i gang.
Det blir fiksa fortløpande, i løpet av året, fekk Midtsiden opplyst i april.
No er arbeidet med utbetring av gangfeltet mellom Torggata og Esso, over fv 552 Hatvikvegen, i gang.
Når arbeidet kryssar vegen skal vegen stengast.
Informasjon om stenginga ligg ikkje på nettsidene til Statens vegvesen, men via telefon får vi opplyst at vegen ikkje blir heilt stengt.
– Det blir periodar med berre eitt ope felt, men dette blir på nattestid, og med dirigering.
Denne delen av arbeidet startar truleg natt til tysdag, men det er ikkje stadfesta.
Det er sett av 2 millionar kroner til jobben. Arbeidet heng saman med eit prosjekt på Hegglandsdalsvegen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.