Lokal | 28. sep. 2011
Søviknes separerer seg
Ordførar Terje Søviknes og kona Janniche Askeland skiljer lag.


Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. sep. 2011 23:17
Etter kommunestyremøtet tysdag kveld orienterte ordføraren kollegaene sine i Os Frp om at han og kona er i ferd med å gå frå kvarandre.
– Ja, vi er i ein prosess der vi er i ferd med å ta ut separasjon, stadfestar Terje Søviknes ovanfor Midtsiden.no.
Terje har vore gift med Janniche sidan 1998. Saman har dei to born.
– Eit kvart samlivsbrot er ein krevjande og vanskeleg prosess for dei involverte. For oss handlar det no berre om å gjera overgangen så lite problematisk som mogleg for alle involverte, sier Søviknes, som ber forståing for at han ikkje vil gje yttarlegare kommentar.