Andreas Søfteland (midten) tok sin første spanske siger. (Privat foto)

Søfteland vann motbakkeløp i Spania

Andreas Søfteland tok 1. plass i Trail Las Vegas de Valsequillo på Gran Canaria.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Andreas Søfteland frå Opptur Motbakkeklubb held fram med å delta i løp mens han er på treningsopphald i varmen. I 2017 tok han 3. plass i eit spansk fjelløp med halvmarathon-distanse, i fjor sprang han feil, men sikra seg ein plass på pallen i eit vertikalløp.

Begge løpa var på fastlandet. Denne vinteren har han hatt to treningsopphald på Gran Canaria. Han har nyleg kome heim etter det siste, ein tur som blei avslutta med siger i eit motbakkeløp.

900 høgdemeter i eitt drag

Eit overtråkk i fjor sommar øydela litt av hausten til Søfteland.

– Eg deltok i Skåla Opp, med skade, men sto over Stoltzen. Men vinteren og oppkøyringa til årets sesong har vore god, med unntak av litt tull med eit kne mens eg var på Gran Canaria. Det prega heldigvis ikkje løpet mitt noko særleg, fortel Andreas.

Trail Las Vegas de Valsequillo er 15 km langt og i underkant av 900 høgdemeter.

– Nesten alle høgdemeterane kom i starten, så eg satsa på å opna hardt, så eg hadde litt å gå på før nedoverbakkane, i tilfelle kneet mitt skulle tulla seg.

Andreas lykkast med strategien. Han vann løpet med tida 01.13,05, over to minutt raskare enn spanske Sabbas de Paz Pérez.

– Eg veit lite om kor gode konkurrentane mine var, men det var god deltaking og fleire tilreisande. Han som fekk 2. plass hadde reist over frå Tenerife, tydelegvis med siger i siktet, for det såg ut som om han hadde problem med å ta meg i handa då eg gratulerte han med 2. plassen.

– Eit paradis for løping

Andreas og leigde eit hus på Maspalomas saman med ei handfull andre norske løparar.

– Det var berre einkort køyretur inn på øya, så var du i høgda. Gran Canaria er verkeleg eit paradis for løping!

– Når du kjem eit lite stykke inn på øya er det frodig landskap, eit enormt nettverk av godt skilta stiar, og eit spennande og fint terreng, synest han.

Dei to høgaste toppane på øya er Pico de las Nieves (1949 m) og Roque Nublo (1813 m).

Fleire saker