Lokal | 16. feb. 2012

Smell ved Halhjem Kafé

To bilar kolliderte på Halhjemsvegen torsdag ettermiddag. Ein av bilane var vekke då brannvesenet kom fram.

Smell ved Halhjem Kafé
Denne bilen kjørte på ein annan bil bakfrå. Den andre bilen forsvann raskt frå staden. Mobilfoto: Andris Hamre.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. feb. 2012 16:10

Torsdag ettermiddag har det vore to trafikkulykker i Os.

I 15-tida var det kollisjon på Hatvikvegen, cirka klokka 16.45 rykte politi, brannvesen og politi ut til E39 Halhjemsvegen.

Ein bil hadde kjørt i hekken på ein annan bil. Bilen som blei påkjørt var vekke då brannvesenet og politiet kom fram.

– Vi har ikkje kome i kontakt med eigar av den andre bilen, men har fått tips om kven vedkomande er, seier politibetjent Thomas Juulseth.

Personen i den andre bilen blir sjekka av helsepersonell på staden. Det skal ikkje vera snakk om alvorleg skade.

Det eine kjørefeltet var sperra ei stund etter ulykka, men no er heile vegen open igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.