Kultur | 21. aug. 2016

Slo eit slag for Redd Barna

Dugnadsånd, gjevarglede, kameratsleg konkurrering - og integrering: Sjå video og bildeserie frå årets Redd Barna Cup.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. aug. 2016 15:48

Bildeserie:

Éin bane - éin dag - 60.000 kroner i inntekt til Redd Barna. (Foto: KVB)
Éin bane - éin dag - 60.000 kroner i inntekt til Redd Barna. (Foto: KVB)
Initiativtakar Tommy Aasen er nøgd med cupen, for fjerde år på rad. (Foto: KVB)
Initiativtakar Tommy Aasen er nøgd med cupen, for fjerde år på rad. (Foto: KVB)
Cupen hadde 30 påmeldte barnelag. (Foto: KVB)
Cupen hadde 30 påmeldte barnelag. (Foto: KVB)
Dette jentelaget frå Øyane vann første kamp 3-0. (Foto: KVB)
Dette jentelaget frå Øyane vann første kamp 3-0. (Foto: KVB)
Trym Johnsen med Pirlo på brystet. (Foto: KVB)
Trym Johnsen med Pirlo på brystet. (Foto: KVB)
Trym og resten av FC Bandana vann fotballcupen, men spelte òg volleyball. (Foto: KVB)
Trym og resten av FC Bandana vann fotballcupen, men spelte òg volleyball. (Foto: KVB)
Volleyball blei vunne av Puseguttene. (Foto: KVB)
Volleyball blei vunne av Puseguttene. (Foto: KVB)
20 lag var påmeldt i gatecup for dei over 15 år. (Foto: KVB)
20 lag var påmeldt i gatecup for dei over 15 år. (Foto: KVB)
Gudridur frå Os (t.h.) tok med seg asylsøkjarar frå Stord. (Foto: KVB)
Gudridur frå Os (t.h.) tok med seg asylsøkjarar frå Stord. (Foto: KVB)
Dei innfødde spelarane på Måsane håpa på siger. (Foto: KVB)
Dei innfødde spelarane på Måsane håpa på siger. (Foto: KVB)
Det blei siger i kampen, men ikkje i cupen. (Foto: KVB)
Det blei siger i kampen, men ikkje i cupen. (Foto: KVB)
Far og son Kåre og Karsten styrte grillen. (Foto: KVB)
Far og son Kåre og Karsten styrte grillen. (Foto: KVB)
Hos besto Anne Elisabeth fekk du pinnebrød. (Foto: KVB)
Hos besto Anne Elisabeth fekk du pinnebrød. (Foto: KVB)
Kurt og Eirik stemte i. (Foto: KVB)
Kurt og Eirik stemte i. (Foto: KVB)
Thea og Josefine imponerte. (Foto: KVB)
Thea og Josefine imponerte. (Foto: KVB)
– Vi er stolt og takksam seier Magnus Frydnes frå Redd Barna. (Foto: KVB)
– Vi er stolt og takksam seier Magnus Frydnes frå Redd Barna. (Foto: KVB)
Nytt i år var boksering. Det slo an. (Foto: KVB)
Nytt i år var boksering. Det slo an. (Foto: KVB)
1 av 17

– Eg er utruleg nøgd, sånn som eg har vore alle år, seier Tommy Aasen.

For fjerde år på rad arrangerte den initiativrike, unge Redd Barna-entusiasten, saman med medhjelparar, fotball- og volleyballturnering på Søre Øyane barneskuleog Øyglimt IL sitt anlegg på Sundøy.

– Vi var heldige med vêret i år òg, som alle åra før. Det har hendt at vi har hatt nokre dropar regn, som vi hadde på tampen av dagen i går, men det viktigaste er at det er fint når ungane speler og det er fullt trøkk på heile plassen.

Omgrepet folkefest er kanskje oppbrukt, men passar godt til det yrande folkelivet som blir når lokale eldsjeler og tilreisande deltakarar fyller skule- og idrettsplassen med mat, musikk, leik og idrett.

Alt til inntekt for Redd Barna. I fjor blei det sendt 60.000 kroner til Redd Barna etter cupen, i år ser det ut til å landa på same sum, eller kanskje litt meir, ifølgje Aasen.

– Det er eit kjærkome bidrag og eit flott arrangement. Det er millionar av ungar som bli halde utanfor, anten årsaka er religion, at dei er funksjonshemma eller at dei rett og slett er jenter.

– Eg er stolt og takksam for det Tommy Aaasen og lokalsamfunnet i Øyane får til med Redd Barna Cup, sa leiar for representantskapet i Redd Barna, Magnus Frydnes, i sin tale under arrangementet.

Asylsøkjarar frå Stord takka for at dei fekk koma

Blant dei tilreisande gjestane var asylsøkjarar frå Litlabø og Stord. Gudridur Thorsteinsdottir frå Os jobbar på mottaket på Stord og fann ut at Redd Barna Cup kunne vera tingen.

– Dei frå Litlabø er unge, einslege asylsøkjarar, mens vi på Stord har heile familiar og einslege vaksne. Torsdag kom ein buss frå UDI med 30 nye, og desse er i ein fase der dei ikkje jobbar eller går på skule. Då blei dette ein fin aktivitet, seier Gudridur.

På laget frå Stord, «Heroes», var stemninga på topp.

– Vi er frå Syria, Afghanistan, Eritrea og Palestina. Vi er gode i volleyball, men endå betre i fotball! sa gutane og lo.

– Tusen takk for at vi fekk koma, dette er eit supert arrangement!

Song av Thea og Josefine

«Alle» stiller opp når Aasen lager cup. Lerøy sel laks, far og son Kåre og Karsten Røttingen griller hamburgarar, Anne Elisabeth Røttingen byr på deig og pinne, så du i «Besto sitt hjørna» kan steikja pinnebrødet ditt sjølv.

Hans Marius Johnsen tar med seg musikalske vener, som Kurt Røttingen og Eirik Rolland, og speler musikk. To talentfulle jenter var òg på scenen.

– Josefine er knallflink på elgitar. Eg har hatt ho med meg fleire plassar, både på Madam Felle i Bergen og på Baronsfestivalen på Os, seier HM Johnsen om 15 år gamle Josefine Bø.

Josefine frå Nordstrøno hadde med seg Thea Eidsvåg (15) frå Lysefjorden på vokal. Thea har mindre sceneerfaring enn Josefine, men hadde ei kjempeframføring av Coldplay-låta «Yellow» og Johnny Cash-låta «Hurt».

Deltakarane og vinnarane

Det blei i år konkurrert i fotball, gute- og jenteklassar for kvart årstrinn frå 7 til 11 år, og gatecup gutar og jenter frå 15 år og opp.

Dei vaksne deltar i både sandvolleyball og fotball.

Påmeldte i 2016:
• 30 lag i barnefotball
• 20 lag i gatecup (volleyball og fotball)

Alt i alt: 61 fotballkampar og 19 volleyballkampar - på éin dag - på éin bane.

Vinnarane i gatecup:

Fotball, herrar: FC Bandana
Fotball, damer: Ligge Onna Laget

Volleyball, herrar: Puse Guttene
Volleyball, damer: Klubben

Mest kreative lag:
Fotball: Spara På Skona
Damer: Shalala

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.