Skytsengelen på plass
Fredag ettermiddag fekk Oseana sin skytsengel då Boutros Romhein overleverte bestillingsverket.
Ein av deltakarane på Os Internasjonale skulptursymposium hadde ei ekstra grunn til å gle seg til årets symposium. Boutros Romhein, opprinneleg frå Syria, busett i Italia, hadde nemlig fått i oppgåve å laga ein bestillingsskulptur til Oseana.
- Eg gjorde grovarbeidet heime i Italia, før eg fekk frakta det halvferdige produktet opp her, fortel Romhein.
Dei siste dagane har han stått utanfor Oseana for å legge siste hand på verket og gjera den siste finpussen.
Ein engel på 70 kg
Fredag var statuen som han har kalla "Angelo de Oseana" - Oseanaengelen - ferdig og klar for å bli frakta inn på plassen sin i vindauget over trappa ned til restaurant Færingen. Med god hjelp frå symposiets far Arne Mæland fekk dei løfta den 70 kg store engelen over rekkverket og på plass.
- Sjå kor lyset speglar seg i den, strålar Mæland etter at engelen har kome på plass i vindauget.
Os Internationale skulptursymposium samlar 12 kunstnarar frå 6 land frå heile verda. Måndag starter dei arbeidet sitt i Vognhallen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.