Marius Mikkelsen skaut over på stillinga 0-0 og fekk skåring annulert for offside på stillinga 2-2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Skuffa etter poengdeling på Kuventræ

Os leia 2-0, men missa på sjanse etter sjanse. Huseklepp er heldig og fekk med seg eitt poeng heim til Fyllingsdalen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os tok i dag imot Fyllingsdalen i femte serierunde.

Heimelaget leia 2-0 då Fyllingsdalen var raske på eit frispark på midtbanen og sendte Erik Huseklepp åleine med keeper.

Huseklepp auka til 2-2 etter pause, og gjestane tok leiinga på corner i ein svak periode av Os.

Så overtok Os igjen, men sleit med å skåra og må nøya seg med eitt poeng.

Os - Fyllingsdalen 3-3 (2-1)
Målskårarar, Os: Roger Ekeland og Mats Cato Moldskred 2
Os: Chris S. Midtun - Anders Havsgård, Carlos Mendes, Jonas Hovland, Rafael Villén - Rune Mo, Steffen Kvamsdal (Sander Kvittingen 90.), Marius Mikkelsen - Fabian Bødtker (Frode Storebø 63.), Mats Cato Moldskred og Roger Ekeland.
Dagens Os-spelar: Rune Mo

Etter ein noko jamn start fekk Os overtaket, skåra to kjappe mål, auka sjansefrekvensen, men sleppte Fyllingsdalen inn igjen i kampen.

1-0 kom på straffe av Roger Ekeland i 32. minutt, etter at han sjølv blei felt av keeper ved sidan av mål.

– Eg plar setja dei sjølv, seier Ekeland.

2-0 kom på frispark fem minutt seinare, stang inn av Mats Cato Moldskred etter at Steffen Kvamsdal blei skubba i bakken.

(Artikkelen held fram under videoen)

Før skåringane hadde Mikkelsen hatt eit skot over mål og Moldskred vore åleine med keeper, men frå skrå vinkel. På stillinga 2-0 såg det ut som om heimelaget skulle halda fram med å skåra, men Kvamsdal skaut utanfor, Havsgård skaut over og Bødtker skaut rett på keeper.

Så fekk Fyllingsdalen eit frispark på midtbanen. Frisparket blei tatt raskt, rett til Huseklepp, som reduserte få minutt før pause.

– Eg såg om Os søv, og det gjorde dei. Då var det berre til å starta løpet, seier Huseklepp til Midtsiden etter kamp.

– Det kjennest som om vi har tapt to poeng

Huseklepp utlikna i 58. minutt og Fyllingsdalen gjekk opp i 2-3 i 78. minutt.

– Eg synest kampen starta jamt, men at Os var mykje betre enn oss i første omgang. Men vi var best etter pause, fram til vi hadde tatt leiinga, då blei det for nervøst frå vår side, synest tomålsskåraren til Fyllingsdalen.

Moldskred og Ekeland var saman åleine med keeper, men snubla nesten i kvarandre før Ekeland avslutta rett på keeper. Mikkelsen skåra, men blei avblåst for offside før 2-3-skåringa. Utlikninga kom på innlegg av Havsgård, av Moldskred frå skrå vinkel åleine med keeper.

Os-kaptein Marius Mikkelsen og trenar Endre Brenne er skuffa etter kamp.

– Det er bra at vi sikrar poeng, men det kjennest ut som om vi har tapt to poeng i dag, seier Os-kapteinen.

– Når vi er så gode i så store delar av kampen, er det skuffande å ikkje vinna. Det er mykje å gle seg over, vi varierer på korleis vi skaper sjansane vår og vi er gode presspelet vår.  Eg reknar med at det var ein underhaldande kamp, men vi var for svake i starten på andre omgang, der spelte på oss unødvendige brot og fekk for stor strekk i laget. Vi kan heller ikkje halda fram med å sleppa inn tre mål i kampane, fortviler Brenne.

Os vann 7-3 borte over Vestfossen i førre runde. Neste kamp blir spelt borte mot Ørjan Håland sitt Fana torsdag 16. mai.

Terminliste og tabell

Andre resultat frå same avdeling laurdag:
Stord - Vestfossen 2-2
Djerv 1919 - Vard Haugesund 3-0

Fleire saker