Kultur | 14. sep. 2010

Skal i studio

Måndag slepte dei ny plate, no nyttar dei USA-turneen til å spele inn nye låtar.

Skal i studio
Andris Hamretirsdag 14. sep. 2010 08:04

Bildeserie:

On our way to Lancaster, Ca (foto: privat)
On our way to Lancaster, Ca (foto: privat)
Orbo in the phone outside Santa Rose motel (foto: Privat)
Orbo in the phone outside Santa Rose motel (foto: Privat)
Reidar goes Ship 'o hoy (foto: privat)
Reidar goes Ship 'o hoy (foto: privat)
Ine at the Mulholland Drive viewpoint, overlooking Los Angeles, CA (foto: privat
Ine at the Mulholland Drive viewpoint, overlooking Los Angeles, CA (foto: privat
The Tour Van 2010 (foto: privat)
The Tour Van 2010 (foto: privat)
1 av 5
On our way to Lancaster, Ca (foto: privat)
Orbo in the phone outside Santa Rose motel (foto: Privat)
Reidar goes Ship 'o hoy (foto: privat)
Ine at the Mulholland Drive viewpoint, overlooking Los Angeles, CA (foto: privat
The Tour Van 2010 (foto: privat)

Orbo & The Longshots er på turné i USA om dagen. Orbo har sendt midtsiden.no sine opplevingar gjennom eit reisebrev og gitt oss løyve til å publisere bileter frå turen.

Går det som bandet håpar kan du sjå turnévideo med dei på NRK Førkveld i oktober.

8 jobbar på 10 dagar
Vi har det kjempebra i USA, har gjort 8 jobbar på 10 dagar. Er no i Los Angeles, og skal vidare til San Diego i morgon.

Der er det nokre dagar fri, før vi går i studio. Studioet heiter "Prairie Sun" og ligg ikkje så langt frå vindistrikta og redwoodskogen. Det er ein gamal kyllinggard som er bygd om av mellomanna Tom Waits. Det skal være eit sinnsykt fett studio.

Los Angeles slit
Eg (Orbo) har vore i Los Angeles nokre gangar, men fy f... dei slit her bort no. Alle verkar meir eller mindre desperate etter finanskrisa. Det eineste dei snakkar om er "the big one" som i jordskjelv.

Det er Los Angeles sin tur no, etter det i Mexico. Politiet verkar litt på tuppa òg, folk blir arrester for ikkje noko. Brannen i San Bruno utanfor San Francisco som brente ned ein liten by, har blitt fronta i media som gassfabrikk-eksplosjon, men omlag 20 millionar menneskje frå Mexico til Nord California har prov på at dei såg to meteorittar den dagen. Filmar skal ha blitt fjerna frå YouTube. Obama fremstår som ei slags nikkedukke styrt av dei store oljeselskapa som igjen køyrer på med sitt fascistlignande sensuropplegg. Men der det er fattigast klagar dei mest, og i Los Angeles trur eg ikkje folk har det så bra lenger.

Spela på legendarisk klubb
Det betyr ikkje at ikkje ORBO & The Longshots har det bra. Det følast trygt og godt å være frå Noreg. Vi nyt verdast finaste vêr og rocker klubbane her som aldri før.

Kvaliteta på amerikanske band er anten overraskande dårleg eller ufatteleg bra. VI har ikkje sett nokre bra enno, men skal på Waddy Wachtel i kveld, gitaristen til Warren Zevon, Linda Ronstadt, Jackson Browne og Keith Richards. Han spelar med koristen i Rolling Stones, Bernard Fowler og Phil Jones (perkusjonist for Tom Petty på 80-tallet) kvar måndag på ein legendarisk klubb som heiter "The Joint" i Los Angeles.

Highway 1
Det skal bli deilig å kome frå slummen i Hollywood (for dei som ikkje veit det - Hollywood blir referert til som eit shithole kor det er livsfarleg å gå ute etter midnatt) til San Diego.

San Diego er ein slags tropisk variant av Bergen. Vi lurar litt på å køyre via Las Vegas opp igjen til San Francisco, men det er meist fordi du kan få suiter til 200 kronar natta og gratis drinker i hele byen. We'll see. Mulig eg stemmer for kystlina opp - Highway 1.

Os godt representert
Os er i allefall godt representert i Statene. Varde Media er òg på veg bort.

Stian gjekk med Os Rock City t-skjorte i går.

Vi håpar folk likar liveplata vår som kom ut i dag (reisebrevet er skreven måndag, journ. anm.), og vi gleder oss til å kome tilbake og spele den live når den tid kjem. Det er enda ei stund til.

Beste helsingar,
Orbo, Ine, Reidar, Stian og Paul

USA turneen held fram til 12. oktober. Første sjans til å sjå Orbo & The Longshots live i Noreg blir på Fjellblues på Gol 23. oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.