Lokal | 16. aug. 2016

Skal forske på Os-elevar

Seks barneskular i Os deltar i unik nasjonal skulestudie.

Skal forske på Os-elevar
Fungerande kommunalsjef Per Olav Sørås fortel at seks av barneskulane i Os skal delta i eit unikt nasjonalt forskningsprosjekt (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 16. aug. 2016 08:49

Det er barneskulane på Kuventræ, Os, Lunde, Søfteland, Lysekloster og Nore Neset som deltek i forskningsprosjektet "two teachers" om lærertettleik har effekt på elevane si lese- og skriveopplæring.

– Førsteklassingar i haust ved desse seks skulane skal vera med i eit stort, nasjonalt forskningsprosjekt som skal undersøka effekten av auka lærartettleik, fortel Per Olav Sørås, fungerande kommunalsjef for oppvekst og kultur i ei pressemelding.

6000 elevar skal følgjast

Prosjektet er støtta av Forskningsrådet, og er eit av dei største forskningsprosjekta innan norsk utdanning nokon gang. Nesten 6000 elevar ved 150 skular på Vestlandet, Sørlandet og Austlandet skal fylgjast i fire år.

2 førsteklassar ved kvar av desse skulane skal vera med i studien, og klassane blir delt inn i ein tiltaksklasse og ein kontrollklasse. Elevane sine dugleikar i lesing og skriving vil bli kartlagt ved skulestart og undervegs i prosjektet. Målet er å finna ut korleis ein bør leggja opp undervisninga slik at ein får mest mogleg effekt av auka lærartettleik i lese- og skriveundervisninga dei første åra.

Viktig både i Noreg og internasjonalt

Spørsmålet om auka lærartettleik vekkjer mykje engasjement både hos lærarar, foreldre og politikarar. Kva har eigentleg ein ekstra lærar i begynneropplæringa å seia for elevane si læring? Meiningane er mange, men det skorter på konkret kunnskap.

– Dei siste åra er det bevilga mykje penger til fleire lærarar dei første skuleåra. Men å berre sette inn ein ekstra lærar i klasserommet og fortsette som vanlig, vil neppe føre til at elevane lærar så mykje meir. Målet med Two Teachers er å sjå korleis lærarane bør jobba for at det å ha fleire lærarar kan utnyttast best mogleg, og gje best moleg læringsutbytte for elevane, seier prosjektleiar Oddny Judith Solheim, som er førsteamanuensis ved Lesesenteret i pressemeldinga.

Også internasjonale utdanningsforskarar har uttalt seg positivt om prosjektet, som vil ha betydning langt utanfor Noreg sine grenser, heiter det i pressemeldinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.